Gå videre til innhold
I hovudrollene møter vi Ole Morten Velde som Emil Spelemann, Nora Aurdal som Sol Siljegard og Simon Standal Pavelich som Danny Gold
I hovudrollene møter vi Ole Morten Velde som Emil Spelemann, Nora Aurdal som Sol Siljegard og Simon Standal Pavelich som Danny Gold

Pressemelding -

Soga om Sol klar for Vestlandsturné i oktober

Etter suksessen i 2023 med utvandrarmusikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk var vegen kort til å tenke på ein reprise allereie i 2025, så snart ein vart kjend med planane om eit storstilt utvandrarjubileum, Crossings 200, både i Noreg og USA . I år er det 200 år sidan den første organiserte Amerika-reisa gjekk frå Stavanger til New York i 1825 med skuta Restauration.

I over eit år har distriktsoperaen på Nordfjordeid lagt planar for ein USA-turné hausten 2025, men ein valde å avlyse turnén på grunn av den ustabile og usikre politiske situasjonen i landet. Då er det ekstra gledeleg å annonsere at ein avlyst turné i USA i staden betyr Vestlandsturné til fire utvalde kulturhus i Vestland fylke. Etter premiere 1. oktober og fire påfølgjande framsyningar 2.,3. og 4. oktober i Operahuset Nordfjord, vert det gjestespel i Stord Kulturhus tysdag 7. oktober, Oseana på Os onsdag 8. oktober, Fana Kulturhus fredag 10. oktober og i Åsane Kulturhus laurdag 11. oktober. Opera Nordfjord gler seg til for første gong å turnere lenger sør i fylket og ser fram til å vise fram den vakre historia om Sol Siljegard, som saman med eventyraren Emil Felespelar reiser frå fattigdom og overgrep til fridom og ei ny framtid i det nye landet.

Sol har ei vakker songstemme, og ho finn seg straks til rette i den nyfunne teaterfamilien sin i Danny Gold sitt Sideshow midt i New York, der det er stor takhøgd for dei som er annleis. Emil er sendt i krigen i Europa, og Sol ventar stadig på livsteikn frå han.

Årets reprise er basert på den opprinnelege regien til Michael Pavelich, denne gongen iscenesett av koreograf og regiassistent Gard Bjørnson. Det øvrige kunstnariske teamet er samansett av scenograf Anndi Bergset frå Stryn, kostymedesignar Heidi Kverndokk frå Ålesund, lysmeister Ovar Holmen frå Nordfjordeid, maskør Hege Ramstad frå Oslo og kapellmeister Bjørnar Myhr frå Ålesund.

Solistlaget er delvis skifta ut sidan førre oppsetting; denne gongen er det Nora Aurdal frå Volda som gjer rolla som Sol Siljegard, Ole Morten Velde frå Karmøy spelar Emil Spelemann, Simon Standal Pavelich spelar rolla som Danny Gold, og i det øvrige solistensemblet møter vi Sunniva Botn Honningsvåg, Runa Bergem, Martha Standal Pavelich, Thea Bjørhovde Mavropoulou, og ei rekkje dyktige, lokale musikkteaterstudentar og amatørar.

Komponist Gisle Kverndokk er i ferd med å lage ein orkesterreduksjon frå 25 til 10 musikarar for å gjere produksjonen turnéklar; det vert likevel framleis full Broadway-stemning når Happy Tune fyller scene og sal!

Velkomen til ein rørande kveld med vakker musikk og ei gripande handling - delvis sann, men for det meste oppdikta - om korleis livet som emigrant frå Noreg og immigrant til Amerika kunne arte seg - denne gongen ikkje på prærien, men i storbyen New York.

Opera er stolt medlem av Crossings 200, som i sitt siste nyhendebrev seier følgjande:

"Der nordmenn før utvandret til Amerika og andre steder på jakt etter et bedre liv, er det nå andre som innvandrer til Norge for å finne frihet, trygghet og nye muligheter her. Migrasjon er ikke bare historie - det er en pågående prosess som skaper og utfordrer samfunn også i dag. Gjennom å forstå den norske utvandringens historiske betydning kan vi skape større toleranse og inkludering for innvandring i vår tid."


Billettsalet er allereie i gong for forestillingane på Operahuset Nordfjord, kjøp billettar her: https://operanordfjord.no/prod...

Billettsalet for dei øvrige spelestadene på Vestlandsturnéen opnar like over påske.

Emner

Kategorier

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226
Media Content Panel
SoS_2025_Kollasj_Solistar_1920x1080.jpg
SoS_2025_Kollasj_Solistar_1920x1080.jpg
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
4000 x 2250, 1.69 MB
Last ned

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord

Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge