Pressemelding -
Opera Nordfjord innbyr til støttekonsert i romjula
Opera Nordfjord inviterer igjen til støttekonsert i Eid Kyrkje i romjula til inntekt for Leger uten grenser, denne gongen for deira viktige hjelpearbeid i Ukraina. Profesjonelle artistar og unge lokale talent stiller opp med eit variert program med både vokal- og instrumentalinnslag og vonar at lokalbefolkninga møter opp og støttar ei god sak.
Leger uten grenser utfører livsviktig og livreddande arbeid i store delar av verda, både i dei openberre krigssonene og i dei gløymde krisene. I fjor støtta operaen hjelpearbeidet på Gaza, i år vert støtta gitt til ukrainarar i naud i den pågåande krigen med store menneskelege lidingar. leger uten grenser er ein nøytral og uavhengig medisinsk nødhjelpsorganisasjon som reddar liv og lindrar naud til dei som treng det mest, uansett kven, uansett kvar og uansett kvifor. Samla sett får LUG 97 prosent av sine midlar frå private givarar.
Det er hovudsakleg unge, profesjonelle artistar og musikkstudentar som opptrer på konserten med vokal- og instrumentalinnslag. I tillegg får vi besøk av tre ukrainske damer frå Eid og Stryn, Galyna Gokdere, Milena Zhukynska og Olena Karaba, som syng tradisjonelle julekalender- og koljedasongar. Galyna vil òg ta seg av pynting av kyrkja i ukrainsk stil. Kyrkja stiller kyrkjerommet til fri disposisjon, noko operaen set stor pris på
Av unge talent som deltek får vi høyre Ingrid Tykhelle Kayser, Eline Lillestøl, Tuva og Nora Nyhammer-Taklo, Alexander, Agnes og Martha Pavelich. Olga Pavlova stiller både som fiolinist og akkompagnatør, og Karl Oskar Nyberg styrer lyd og teknikk med utstyr som er generøst utlånt av operahuset.
Det er fri inngang, så om ein berre ønskjer ein vakker, gratis konsert i romjula, er ein velkomen til det. Om ein ønskjer å gi ei gåve til det viktige arbeidet til Leger uten grenser, vert det kollekt ved utgangen eller på Vipps.
Velkomen til ei vakker konsertstund i Eid Kyrkje laurdag 28. desember kl. 17.00!
Emner
Regions
Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.