Gå videre til innhold
På biletet: Nils Arne Halle Erstad, Nils H. Sødahl, Reem Riyadh, Benedicte Sofie Ribe og Thomas Ruud
På biletet: Nils Arne Halle Erstad, Nils H. Sødahl, Reem Riyadh, Benedicte Sofie Ribe og Thomas Ruud

Nyhet -

Pangstart på operaåret 2025 med gratis familieframsyning og komedien Scenebetennelse


Bli med på ei uhøgtideleg reise i musikkteaterhistoria!

Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord har saman gleda av å invitere til operakomedien Scenebetennelse fredag 17. januar. I rollene møter vi Thomas Ruud, Nils H. Sødal, Silvia Moi, Benedikte Sofie Ribe, Reem Riyadh og Nils Arne Halle Erstad.

Dei tek publikum med på ei uhøgtideleg reise frå opera og operette til musikal og moderne musikkteater. Her kjem sviskene på rad og rekke, framført av nokre av dei fremste songarane i landet. Framsyninga gjev òg eit humoristisk skråblikk på dramatikken som ofte utspelar seg bak scena på store teater og operahus.

Framsyninga Scenebetennelse såg dagens lys for to år sidan, då den spelte for fulle hus i Kilden teater og konserthus i Kristiansand. Sidan har den begeistra publikum og anmeldarar rundt om i Noreg, mellom anna i Oslo konserthus, Operaen i Kristiansund og Opera Østfold.

Scenebetennelse er skrive av Nils H. Sødal og produsert i samarbeid med Benedikte Sofie Ribe.

Utøvarane:

Silvia Moi er ein av dei fremste operastjernene i landet, kjent frå mange framsyningar og prestisjetunge oppdrag, som Nobel-banketten i Stockholm og fredsprisutdelinga i Oslo.

Thomas Ruud er kjend for Nordfjord-publikummet både frå operaframsyningar og andre konsertar. Han har vore tilsett ved nokre av dei største operahusa i Tyskland og sunge med internasjonale stjerner som sopranen Kiri Te Kanawa. Han er ein av dei mest ettertrakta songarane i Skandinavia og også kjend for samarbeidet med Hanne Krogh.

Benedikte Sofie Ribe er ein prisvinnande sopran med bakgrunn frå det prestisjetunge Franz Liszt-akademiet. Ho har dei seinare åra utmerka seg som ein svært allsidig scenekunstnar i ulike samenhengar og sjangrar.

Nils H. Sødal har gjesta fleire av dei største operahusa i Europa og har vore fast tilsett solist ved Den Norske Opera i ei årrekke. Det internasjonale gjennombrotet skjedde til strålande kritikkar ved den verdenskjente operaen SemperOper i Dresden i 2011. Han har tidlegare vore solist hos Opera Nordfjord i Elskovsdrikken og Norge-Brasil, ein opera.

Reem Riyadh og Nils Arne Halle Erstad har trass sin unge alder utmerka seg i fleire profesjonelle samanhengar gjennom oppsettingar på store scener og som mottakar av ulike prisar.

Billettar: https://checkout.ebillett.no/1...




MUSIKKTYVEN - gratis familieforestilling for alle

Laurdag 18. januar arrangerer Operahuset og Opera Nordfjord Familielaurdag, der hovudattraksjonen er syngespelet Musikktyven av Nils Harald Sødahl, ei fengjande framsyning for born i barneskulealder!

Ein ulukkeleg konge har forbode song og musikk i landet sitt. Innbyggjarane har vore så lenge utan, at dei har gløymt kva musikk er! Noko manglar i livet deira, dei veit berre ikkje kva. Men ein dag finn systrene Frida og Alma og naboguten Knut nokre store, rare flasker på eit loft. På flaskene er det lagra masse musikk: Rytmisk musikk, musikal, pop og klassisk, ja til og med opera!

Når Frida og Alma og Knut tek ein slurk av flaskene, kjem det plutseleg song ut av munnen og musikk ut av fingrane. Dei oppdagar musikken si magiske verd, men så dukkar kongen opp, og då blir det bråk!

Medverkande er tre av dei som er med i Scnebetennelse: Silvia Moi, Benedikte Sofie Ribe og Nils H. Sødal. Alle har lang erfaring frå teater- og operascena, mellom anna Det Norske Teatret og Den Norske Opera. Dei har òg pedagogisk erfaring og har jobbet mot barn og unge i ulike samanhengar. Silvia, Sofie og Nils både syng og spelar instrumenta i framsyninga: piano, trekkspel og gitar.

Musikken i Musikktyven er sjangeroverskridande og fengande. Vi får oppleve korte musikalske sekvensar henta frå mellom anna pop, jazz, musikal og opera.

Syngespelet tematiserer einsemd, utanforskap, vennskap og musikken si sameinande kraft på tvers av kulturelle skiljelinjer.

Musikktyven er ein del av Familielaurdag, og vert arrangert av Opera Nordfjord, Stad bibliotek, Stad kino og Operahuset Nordfjord i fellesskap.

Her er også ope bibliotek, kinokiosk og aktivitetar elles.

Syngespelet passar for alle barn i barneskulealder.

Gratis billettar kan tingast her: https://checkout.ebillett.no/1...

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord

Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge