Gå videre til innhold
Michael Pavelich har invitert med seg sopranen  Eli Kristin Hanssveen når han takkar for seg som musikalsk leiar i Opera Nordfjord
Michael Pavelich har invitert med seg sopranen Eli Kristin Hanssveen når han takkar for seg som musikalsk leiar i Opera Nordfjord

Nyhet -

Opera Nordfjord med Festkonsertturné i mars

No når Michael Pavelich skal takke for seg og pensjonere seg etter snart 26 år som kunstnarisk leiar og 24 år som musikalsk leiar i Opera Nordfjord, gjer han det like godt tre gongar, når Opera Nordfjord innbyr til tre Festkonsertar i Førde, Florø og på Nordfjordeid 14.-16. mars. Han avsluttar karrieren i operahuset på sin eigen 70-årsdag.

Hovudsolisten er sopranen Eli Kristin Hanssveen, som har gjesta Opera Nordfjord med hovudroller både i Mannen frå la Mancha og i Jorden rundt på 80 dager. Ho er kjend som ein svært fleksibel songar, som meistrar alle stilar, frå pop og musikal til operette og opera. Til dagleg er ho fast tilsett som solist ved Den Norske Opera & Ballett. Eit spennande repertoar for henne vert til i desse dagar – det er all grunn til å gle seg!

Eit stort, samansett operakor på om lag 70 songarar får eit spennande korrepertoar å bryne seg på, frå Påskekoret i Cavalleria Rusticana til Ya got Trouble frå The Music Man og det kjende Slavekoret frå operaen Nebukadnesar. The Battle Hymn of the Republic vert nok eit av høgdepunkta når både kor og orkester dreg til på finalenummeret.

Orkesteret, som kjem til å nærme seg 50 profesjonelle musikarar i talet, skal òg få glitre åleine, mellom anna i utdrag frå Star-Wars Suite og kjend teiknefilmmusikk frå Tom & Jerry. Så breidde, show og fest er nok dekkjande stikkord for denne konsertturnéen, som garantert vil ha noko for ein kvar smak! Og kan hende kjem det òg nokre musikalske overraskingar frå nokre av borna til Michael.

Velkommen til vakker, spennande og rørande musikk og mykje moro i Førdehuset torsdag 14. mars, Flora Kulturhus fredag 15. mars og Operahuset Nordfjord 16. mars.

Billettsalet har opna: https://operanordfjord.no/

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord

Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge