Gå videre til innhold
I hovudrollene: Lydia Hoen Tjore som Violetta, Marius Roth Christensen som Alfredo og Trond Halstein Moe som Germont
I hovudrollene: Lydia Hoen Tjore som Violetta, Marius Roth Christensen som Alfredo og Trond Halstein Moe som Germont

Nyhet -

La Traviata til Opera Nordfjord

Når dei skjøre og vakre tonane i overtüren til La Traviata fyller sansane og smyg seg under huda på premieredagen 28.september 2022, er det snart 23 år sidan sist ein kunne høyre dei same tonane frå operaorkesteret på Nordfjordeid. I

Igjen skal vi få møte den skjønne Violetta og følgje den intense, men forbodne kjærleiken mellom henne og Alfredo. Det vert opera på liv og død når Verdi sitt store meisterverk igjen skal komme til liv i regi av Opera Nordfjord, denne gongen med Arne Fagerholt som regissør og koreograf. Han er tidlegare ballettdansar ved Nasjonalballetten og har vore tilsett både som både dansar og sjef ved Carte Blanche. I dag er han  ein ettertrakta regissør, koreograf og pedagog og arbeider til dagleg som kulturleiar i Orkdal. La Traviata vert hans aller første opera. Han har med seg Trude Amaile Leirpoll som regi- og koreografassistent. Jostein Avdem Fretland, som nærmast har blitt Opera Nordfjord sin faste omsetjar,  er godt i gong med å omsette operaen til nynorsk. Han har tidlegare omsett både operaen La Bohème, musikalane Annie og Du er ein god mann, Charlie Brown, i tillegg til at han gjendikta I Puritani og skreiv librettoen til Sildagapet. 

I hovudrollene møter vi sopranen Lydia Hoen Tjore som Violetta, Marius Roth Christensen som Alfredo og Trond Halstein Moe som Germont, far til Alfredo. I dei andre rollene møter vi mellom anna Elisabeth Gimmestad frå Gloppen som Annina, Nora Oleanne Sårheim frå Florø som Flora, Eivind Kandal frå Gloppen som Gastone og Eirik Egeberg Jensen som Doktor Grenvil. I tillegg kjem ei rekkje mindre roller som vert fylte av lokale heltar etter kvart. Operakoret og dansarar er på plass i dei store festscenene;  det er duka for feststemning, når dirigent og kormeister Michael Pavelich leier kor og orkester i ein forrykande Brindisi!

Scenograf Yngvar Julin og kostymedesignar Nora Furuholmen skal saman med lysmeister Ovar Holmen, maskør Maren Togstad og rekvisitør Anndi Bergset skape eit elegant og fargerikt scenebilete og fantasifulle kostyme, som garantert vert ein fryd for auget.

Opera Nordfjord lovar sitt publikum ei magisk, meingingsfull og rørande operaoppleving, løfta fram av den vakraste operamusikken som tenkast kan… velkomen til ein ny og annleis La Traviata.

Speledatoar:

Premiere: onsdag 28.09. , torsdag 29.09., laurdag 01.10., søndag 02.10., tysdag 04.10., onsdag 05.10., fredag 07.10. og laurdag 08.10..

Billettar: www.operanordfjord.no / www.operahuset.no

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord

Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge