Nyhet -
Klassisk operagalla på vårturné
Opera Nordfjord skal endeleg ut på vegane igjen, med ny operagallaturné i april og konsertar i Palmehelga. Det er 15 år sIdan det sist operaen inviterte til operagalla med kjende og kjære operaperler, og både kor, orkester og solistar gler seg til å framføre dei vakraste favorittane i eit breitt utval.
Det vert gjensyn med Margrethe Strømmen Fredheim, som mange huskar som Mimi i La Bohème i 2018, og tenoren Bror Magnus Tødenes frå Eiksund på Sunnmøre, som er kjend for mange etter opptredenar på TV med KORK.
Margrethe er i dag fast tilsett som solist ved Theater Kassel i Tyskland og har tidlegare arbeidd for Opera Erfurt og mellom anna hatt oppdrag for Glyndebourne. Bror Magnus har hatt ei imponerande rask karriere; han vann Renata Tebaldi-konkurransen i 2015 og har allereie gjort store roller både ved utanlandske operahus, Den Norske Opera & Ballett, Bergen Nasjonale Opera og Festspillene i Bergen.
Michael Pavelich er fast dirigent og kormeister i Opera Nordfjord og gler seg til å dirigere eit spennande og variert operagallaprogram med noko for einkvar smak. Det KAN for eksempel hende at Slavekoret dukkar opp på repertoaret...
Det er berre å begynne å gle seg til sprudlande overtürer, dei vakraste ariane, dei mest kjensleladde duettane og mektige korsatsar!
Spelestader vert Førdehuset fredag 8. april, Operahuset Nordfjord laurdag 9. april og Fosnavåg Konserthus søndag 10. april.
Billettsalet har opna – velkomen til konsert!