Nyhet -
Billettsalet til La bohème opnar 1. desember
Billettsalet for La bohème opnar 1. desember
I 2000 vart vakre La bohème av Giacomo Puccini sett opp av Opera Nordfjord i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid til stor jubel frå eit begeistra publikum. Snart er tida komen for eit kjært gjensyn med dei sjarmerande bohemane i ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer, denne gongen i Operahuset Nordfjord, med premiere onsdag 3. oktober 2018 og i alt 8 framsyningar. Opera Nordfjord er stolt over å kunne presentere operaen i ei flunkande ny, nynorsk omsetting av Jostein Avdem Fretland.
La bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896. Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og dei berande rollene er poeten Rodolfo,syerska Mimi, målaren Marcello, musikaren Schaunard, filosofen Colline og den tidlegare songeren Musetta.
Det er ei stor glede å presentere solistlaget for jubiléumsproduksjonen 2018: Mimi: Margrethe Fredheim, Rodolfo: Thorbjørn Gulbrandsøy, Marcello: Mads Wighus, Musetta: Gunda-Marie Bruce, Schaunard: Thomas Røshol, Colline: Martin Hatlo, Alcindoro/Benoît: Lars Eggen.
Dirigent er Opera Nordfjord sin faste musikalske leiar, Michael Pavelich, og regissør vert svenske Mira Bartov, som gjestar Opera Nordfjord for første gong og har ei lang merittliste å vise til. Det øvrige kunstnariske teamet vert klart om kort tid. I tillegg har vi med vårt profesjonelle operaorkester og hyggeleg gjensyn med konsertmeister Stig Nilsson.
Operakoret og barnekoret vert i desse dagar sett saman av lokale songarar frå heile regionen – det er framleis plass til fleire, så ta gjerne kontakt, om du eller nokon du kjenner ønskjer å synge i operakoret vårt.
Billettsalet opnar 1. desember – operabillettar til La bohème kan bli årets favorittjulegåve!
Velkomen til Facebooksida, Opera Nordfjord, der du finn fortløpande informasjon, bilete, videoar og nyhende – gå inn og lik den, så kjem informasjonen lettare til deg!