Nyhet -
120 ungdommar syng Verdis Requiem med Opera Nordfjord
Helga etter påske er det duka for ei sjeldan storsatsing, når Opera Nordfjord reiser på turné med fantastiske Requiem av Verdi, eit av dei aller største meisterverka for kor, solistar og orkester.
Distriktsoperaen på Nordfjordeid har fått med seg musikklinjekora ved Firda og Volda vidaregåande skular, i tillegg til sitt eige operakor. Fire solistar og 52 profesjonelle musikarar i orkesteret kompletterer aktørane på scena, og når over 200 musikarar og songarar gir alt i Dies Irae, skal det kjennast godt i marg og bein, hjarte og sjel!
Solistkvartetten består av sopran Nina Gravrok, mezzosopran Siv Iren Misund, tenor Jacob Skov Andersen og bass Trond Gudevold. Musikalsk leiar er Michael Pavelich, som har hatt god hjelp av kordirigentane ved Firda vidaregåande skule og Volda vidaregåande skule.
Det er like greitt å sette av dagane i kalendaren no: Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid fredag 14. april, Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik laurdag 15. april eller Førdehuset i Førde søndag 16. april. Det vert garantert magisk når unge stemmer og nye talent skaper stor kunst saman med erfarne solistar og profesjonelle musikarar!
Billettar: https://www.operanordfjord.no/...