Gå videre til innhold
No når vi feirar 25 år med Opera Nordfjord, tar vi eit aldri så lite tilbakeblikk...
No når vi feirar 25 år med Opera Nordfjord, tar vi eit aldri så lite tilbakeblikk...

Blogginnlegg -

Lytt ikkje til velmeinte råd – det kan hende dei er dårlege!


Då eg starta med blogg i vinter, var planen at eg skulle gå gjennom HEILE livshistoria til Opera Nordfjord – i kronolgisk rekkefølge – i løpet av året, men då var ikkje planen at det skulle gå eit halv år til neste innlegg… Så no skriv vi altså allereie 4. september, og eg har berre komme så langt at eg grein i bilen heim etter eit styremøte 11. mai 1998. For ein slutt å dvele ved i eit heilt halvt år! Så no må det rett og slett gå litt fortare i svingane, så eg får fortalt korleis det gjekk. I dag er det forresten nøyaktig ein månad til premieren på Soga om Sol, og eg tør nesten ikkje tenke på alt som skal skje dei neste fire vekene. Difor gjer eg ikkje det, og tek dykk heller med tilbake til der eg slutta 11. mail 1998…

Nokre dagar seinare, 17. mai 1998 om kvelden, etter barnetog, folketog, bygdetog, heilt sikkert fiolinspeling på Betania (eg), heilt sikkert dirigering av Eid Mannskor, Eid Barnekor, Eid Ungdomskor og Eid Musikklag (Michael) og (den gong) fem søte born som låg og sov etter mykje iskremeting– sat eg rett og slett i ein stol og stirra framfor meg og tenkte på vedtalet i styremøtet nokre dagar tidlegare, at vi berre «skulle legge alt på is» og «ikkje bruke av skattebetalarane sine pengar»….Men kva om det var greitt å bruke av skattebatalarane sine pengar? Det måtte eg berre finne ut av! Eg kunne nesten ikkje vente med å stå opp neste morgon, så eg kunne ringe til rådmann Andersen. Eg gjekk rett på sak og la fram mitt ærend om planlagt dugnadshelg saman med det kunstnariske teamet, ivrige sydamer og endå ivrigare snikkarar, som lengta etter å komme i gong med den lenge varsla operadugnaden. Om vi no «la alt på is «til over sommaren ville både momentum, arbeidsgleda og all energien forsvinne – sa eg – og spurte så om kanskje ein liten del av dei pengane som var løyvt av Eid kommune kunne definerast som risikokapital? Det vil seie om det var mogleg å få lov til å kjøpe nokre flybillettar, så vi kunne komme i gang med den første dugnadshelga? Etter ei intern ringerunde rundt på Rådhuset til sine kollegaer, ringte rådmann Andersen meg tilbake og sa «Sett i gong og bestill dei flybillettane!» Takk og lov! Andersen var ikkje nordfjording, lat det vere sagt….

Arbeidshelga kom og gjekk i slutten av mai, og dei vakraste tyllkjolane til ballettdansarane vart trylla fram ved symaskinene – men i august mangla vi framleis 100.000 norske kroner. Ein frå økonominemnda ringte meg og spurte korleis det gjekk og foreslo at vi la operadraumen til sides og heller satsa på ein lokal revy året etter, noko som var HEILT uaktuelt for mitt vedkommane. Michael og eg sat overfor kvarandre i den raude sofaen og var litt mismodige og prøvde å innsjå at operadraumen kanskje ikkje var innan rekkevidde likevel. Nett då ringte regissør Ronald Rørvik, som ville vite om det vart opera denne hausten, eller om dei heller skulle takke ja til nye oppdrag. Eg sa som det var, at vi mangla 100.000 kroner. «Send over budsjettet», sa Ronald. På den tida betydde det å sette seg inn i bilen, køyre 8 km til kontoret, låse seg inn, sende budsjettet gjennom faksmaskina – og dra heim og vente på at Ronald skulle ringe tilbake. Og det gjorde han etter ein liten time – og tenk at vi klarte å kutte 100.000 – så lett som berre det! Vi strauk alt vi kunne stryke: premierefest, flyreiser (solistar og musikarar kunne ta buss), blomar til solistane, Ronald kunne ta alle inn i sitt AS, så vi slapp arbeidsgjevaravgift – og eg måtte spørre alle dei lokale musikarane om dei kunne spele gratis i verste fall….Etter å ha fått positivt svar frå alle musikarane, kalla eg meg sjølv inn til eit hastebudsjettmøte i kjellarstova til økonomisjef Olav Hjelle i Myklebuståsen, der vi laga eit nytt budsjett i balanse med kr 0 på bunnlinja – og kalla inn til nytt styremøte. Styret godtok det nye budsjettet med eit nødskrik, og det var endeleg slutt på «islegginga». Frå då av såg vi oss ikkje tilbake, og tre veker førpremieren 28. oktober 1998 var alle fire forestillingane til Flaggermusen utselde.

Godt råd frå meg: aldri godta at du ikkje kan bruke av skattebetalarane sine pengar før du har spurt rådmannen – det kan lønne seg😊!

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord

Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge