Nyhet -

Ny vindkraftkonsesjon til Lutelandet

NVE har gjeve Lutelandet Energipark AS konsesjon for bygging av eit vindkraftanlegg på

Lutelandet i Fjaler kommune.

 

Konsesjonen er for eit anlegg på inntil 45 MW, med utgangspunkt i 15 stk 3 MW vindturbinar. I mai

2011 fekk selskapet i tillegg konsesjon for bygging av inntil tre testturbinar med samla installert på

inntil 10 MW.

Sunnfjord Energi starta planlegging av vindkraftanlegget etter eit initiativ frå Fjaler kommune i 2004.

Prosjektet vart seinare overført til Vestavind Kraft, som saman med Statoil stifta selskapet Lutelandet

Energipark AS hausten 2008.

 

Konsesjonssøknaden vart sendt inn våren 2009, og NVE har i dag gjeve konsesjon til

vindkraftanlegget. NVE skriv mellom anna i konsesjonsvedtaket at dei samla fordelane ved anlegget

er overvegande samanlikna med ulempene anlegget vil medføre.

- Vi håpar å ha ein testturbin i drift på Lutelandet neste år, og planlegg for å ha det kommersielle

vindkraftanlegget på plass så raskt som råd etter at kraftlinja mellom Ørskog–Fardal står ferdig til å ta

imot kraft, seier Stig Svalheim, styreleiar i Lutelandet Energipark.

Selskapet har hatt ein god dialog med Fjaler kommune i utviklingsprosessen.

- Vi ser at det er svært viktig med eit godt vidare samarbeid med kommunen, grunneigarar og andre

regionale utviklingsaktørar for å realisere planane om eit vindkraftanlegg på Lutelandet, avsluttar Stig

Svalheim.

 

For mer informasjon, henvender vi til Lutelandet Energipark:

Kontaktperson: Stig Svalheim, styreleiar i Lutelandet Energipark.

Mobil: 40437494

 

Norwea gratulerer!

Emner

  • Miljø, energi

Kategorier

  • grønne sertifikater
  • norwea
  • vindkraft
  • fornybar energi
  • energi- og miljø

Kontakter

Edvard Eikeland

Pressekontakt Rådgiver marked/handel +47 9576 7312

Andreas Thon Aasheim

Pressekontakt Rådgiver nett +47 9593 5890