Trippeljubileum for Myrkdalen
Myrkdalen Fjellandsby har mykje å feire i år, og laurdag 17. desember er alle velkomne til jubileumsfeiring. Det er 20 år sidan fyrste spadetak vart satt i jorda for utbygginga, det er nær 20 år sidan det fyrste skitrekket stod klart og det er 10 år sidan Myrkdalen Hotel opna dørene. Det vert gode rabattar og moro for små og store.