Nye leilegheitsbygg i Myrkdalen: Spaden er i jorda
Bygging av dei to leilegheitsbygga, Sendo og Skabotn, i sentrum av Myrkdalen er vedteke og første spadetak vart satt 2. mai 2023. Prosjektet er ein del av ei større utbygging av sentrumsområdet og er ei strategisk satsing for å styrka attraktiviteten til Myrkdalen. Veidekke Entreprenør AS er vald som totalentreprenør for prosjektet, og overlevering er estimert til fjerde kvartal i 2024.