Gå videre til innhold
Solrun Hjelleflat gjev seg etter 10 år som leiar for Aurland Ressursutvikling og Norway's best AS.
Solrun Hjelleflat gjev seg etter 10 år som leiar for Aurland Ressursutvikling og Norway's best AS.

Pressemelding -

Solrun Hjelleflat sluttar som toppsjef i Norway's best

Solrun Hjelleflat har beslutta å fråtre stillinga si som Administrerande direktør/CEO i Aurland Ressursutvikling AS (ARU)/ Norway’s best AS med umiddelbar verknad. Styret har konstituert CFO Frode Rokne som ny adm. dir., og vil starte prosessen med å tilsette ny CEO så snart som mogleg.

Hjelleflat har leia selskapet sidan hausten 2011, og har styrt selskapet gjennom ei formidabel utvikling. I hennar tid er Flåm bygd opp som eit fyrtårn i norsk reiseliv og selskapet er blitt ein profesjonell reiselivsaktør i nasjonal samanheng. Etter fusjonen med Myrkdalen Fjellandsby i 2020 vart Aurland Ressursutvikling AS ein av Noregs største reiselivsaktørar, med ein årleg omsetnad på 1 milliard kroner for alle tilknytte selskap, 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,2 millionar gjester i året frå heile verda.

– Hjelleflat har vore ein visjonær og ambisiøs leiar. Ho har lagt ned stor innsats i å gjere reiseliv til heilårs næring og utvikle kompetansearbeidsplassar i distriktet. Sentralt i dette har vore produkt- og organisasjonsutvikling, marknadsorientering, merkevarebygging og satsing på teknologi, seier styreleiar i ARU Øyvind Hasaas.

Covid-19 har råka reiselivet hardt, men også i denne perioden har Hjelleflat stått i stormen, styrt selskapet med stø hand og tort å satse for å komme styrka ut av pandemien. – Selskapet takkar Hjelleflat for den store innsatsen ho har lagt ned, og ynskjer ho lykke til vidare, seier Hasaas.

– Det har vore ei glede å samarbeide med so mange dyktige kollegaer i desse åra, og eg er stolt av at vi saman har gjort Norway’s best til ein av Europas leiande reiselivsbedrifter, og ikkje minst lukkast med å skape mange heilårs arbeidsplassar i distrikta, seier Solrun Hjelleflat.

Kontaktperson:

Øyvind Hasaas, Styreleiar i Aurland Ressursutvikling AS og Norway’s best AS
E-post: Oyvind.hasaas@avinor.no
Mobil: + 47 915 10 014

Kategorier


Norway’s best AS er eit av landets største reiselivsselskap som eig, utviklar og driv norske kvalitetsreisemål og reiselivsprodukt i verdsklasse. Norway’s best AS (tidlegare Flåm AS) har i over 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til å bli eit av Norges største turistreisemål. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik. Norway’s best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde ei omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,7 millionar gjester. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50 % av Flåmsbana, 50 % av The Fjords og 33,5 % av Arctic Train. I tillegg eig og driv selskapet fire hotell, 14 restaurantar og eit bakeri. All marknadsføring, sal og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS.

Kontakter

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Rolf Didrik Hexeberg

Pressekontakt Markedssjef 959 63 129

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS

Postboks 42
5742 Flåm
Norway