Pressemelding -
Oscar (6) og familien fyrst ute – Myrkdalen investerer stort i nytt lysanlegg.
Myrkdalen Fjellandsby styrker sitt kveldstilbod med eit spektakulært lysshow på kveldskøyring i Eventyrskogen. Med å investera i LED-belysning, vil gjestene no oppleva ein fargerik og magisk atmosfære medan dei susar nedover bakkane.
Oscar (6) med vetlebror Kasper Hevrøy Baldry (4) er dei fyrste produkttestarane som fekk oppleva dei nye lysa i Eventyrskogen. Far Chris Baldry er snowboarder og fotograf for Norway’s best og Myrkdalen, mor Kaia Hevrøy Waage var også med på testinga.
"-Wow, kult! Kjempe kjekt å skri med lys som skiftar farge. Eg vil tilbake og gler meg til å ta med vennane mine. Ekstra kjekt å få vera med pappa på jobb og vera våken litt lengre", seier 6 åringen.
Fargerike lys
Lysshowet, kalla "Ljos i Eventyrskogen," er eit resultat av Myrkdalens engasjement for å levere unike og magiske opplevingar for store og små. Det er sett opp 25 spottar/lamper i løypa og skogen som skiftar i alle regnbogens fargar.
Den nyleg installerte LED-belysninga vil gi kveldskøyringa eit spektakulært preg og gjere skituren nedover bakkane til ei eventyrleg oppleving etter solnedgang.
"-Me ynskjer å skape ein atmosfære som få andre stader kan tilby. Investeringa i LED-belysning understrekar Myrkdalen si ambisjon om å tilby unike opplevingar for gjestene våre," seier Bent-Cato Danielsen, Driftsdirektør/COO i Norway’s Best.
Offisiell opning
Med eit lysshow som skal gå på kvar kveld frå solnedgang til kl. 21.30 i vintersesongen, legg me til rette for kjekke stunder og minneverdige augeblikk for besøkande i alle aldrar- til fots, på ski, nedover, bortover og oppover.
Besøkande vert invitert til å oppleva "Ljos i Eventyrskogen" under kveldskøyring med offisiell opning og gratis kveldskøyring fyrstkomande fredag 9. februar.
Emner
Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.
NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.
NBG er også ein stor eigedomsaktør.