Gå videre til innhold
Nytt selskap klar for fjordsatsing

Pressemelding -

Nytt selskap klar for fjordsatsing

Gjennom selskapet The Fjords As skal Fjord1 og Flåm As tilby eit betre reiselivsprodukt på fjorden. Selskapet har ei målsetjing om at nyare og tilpassa farty skal kome på plass relativt snøgt. 

Dei selskapa er likeverdige eigarar av det nye selskapet, og har til saman røyst ein startkapital på 10 millionar kroner. – Selskapet er etablert og styre er valt med to representantar frå kvar av eigarane. For å kome i gang og sikre drifta komande sesong er Robert Sandvik frå Siva tilsett som mellombels dagleg leiar, seier direktør i Aurland Ressursutvikling AS, Solrun Hjelleflat. Ho forklarer det engelske namnevalet med at ein i hovudsak operere mot ein internasjonal marknad.

Nytt materiell

Komande sesong vil eksisterande båtmateriell verte nytta, men det er eit mål for det nye selskapet å fornye fartyflåten. – Me skal sjå på nytt materiell. Det er rett å seie at dagens farty ikkje fungerer optimalt, og slik me ønskjer det i ein verdsarvfjord. Målet er å lyfte reiselivsproduktet på fjorden, og då er nyare og meir tilpassa båtar eit svært viktig moment, seier Hjelleflat. – Kor snøgt kan det kome noko nytt? – I år går det ikkje, men i 2016 eller 2017 bør det ha skjedd noko på den fronten. Me ønskjer «grønare farty», båtar som passar betre inn i vårt fjordsystem, lagar mindre bølgjer og forureinar mindre. På dagens farty er det heller ikkje til rette lags for rørslehemma, og det er i seg sjølv ein god grunn for å jobbe med materiell fornying, men dette vil ta noko tid og er elles kostbare greier, seier Hjelleflat. The Fjords skal i utgangspunktet ikkje eige fartya i . Dei skal leigast frå Fjord1 eller andre. Også naudsynt mannskap skal leigast inn. Flåm As vil stå for sal og marknadsføringa til det nye selskapet, som skal ha ein liten administrasjon.

Tre fjordar

I tillegg til å drive turistrute mellom Flåm og Gudvangen har Fjord1 liknande opplegg på Geirangerfjorden og i Lysefjorden. No er det The Fjords AS som skal operere og levere reiselivsprodukta i desse tre fjordsystema. Gjennom selskapet Sognefjorden AS har Flåm As drive eigen rutegåande trafikk på strekninga Flåm – Gudvangen i fleire år. Drifta i dette selskapet vert no avvikla. - Dei to båtane Lykkeper og Sognefjell vert verande i selskapet, og dei vil kunne leigast inn av det nye selskapet ved behov, seier Solrun Hjelleflat.

Emner

Regions


Flåm finner du helt innerst i en sidearm av verdens dypeste og nest lengste fjord, den 204 kilometer lange og 1308 meter dype Sognefjorden. Omringet av stupbratte fjellsider, buldrende fossefall og trange daler, er dette området et paradis for de som søker unike og spektakulære naturopplevelser!

Kontakter

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Rolf Didrik Hexeberg

Pressekontakt Markedssjef 959 63 129

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS

Postboks 42
5742 Flåm
Norway