Gå videre til innhold
Bygginga av dei to leilegheitsbygga Sendo og Skabotn er i gang og skal etter planen stå klare i siste kvartal av 2024.
Bygginga av dei to leilegheitsbygga Sendo og Skabotn er i gang og skal etter planen stå klare i siste kvartal av 2024.

Pressemelding -

Nye leilegheitsbygg i Myrkdalen: Spaden er i jorda

Bygging av dei to leilegheitsbygga, Sendo og Skabotn, i sentrum av Myrkdalen er vedteke og første spadetak vart satt 2. mai 2023. Prosjektet er ein del av ei større utbygging av sentrumsområdet.

-Utbygginga av Sendo og Skabotn er ei strategisk viktig satsing for å styrke attraktiviteten til Myrkdalen, og det er gjennom sentrumsutbygginga at me for alvor tek opp konkurransen med andre fjelldestinasjonar i Norge, seier Per Brochmann, konsernleiar i Aurland Ressursutvikling.

Startskotet på den vidare utbygginga av fjellandsbyen
Veidekke Entreprenør AS er vald som totalentreprenør for prosjektet, og planen er å ha tett bygg til jul 2023. Overlevering er estimert til fjerde kvartal i 2024. Prosjektet er finansiert gjennom eigenkapital frå Myrkdalen Fjellandsby as og lån frå Sparebanken Vest.

Som meldt tidlegare vart heile bygget kalla Skabotn solgt til Vårstølen Utleige AS i april, i tillegg er 10 av 22 leilegheiter i Sendo solgt. Meir om dette, bygga og Vårstølen Utleige, kan du lesa i denne pressemeldinga.

Sendo og Skabotn er ein viktig del av oppbygginga av sentrum i Myrkdalen, og er sjølve startskotet for den vidare utbyggingsfasen av fjellandsbyen og fortettinga kring hotellet i Myrkdalen. I dei neste åra vil ein bygge om lag 600 leilegheiter, næringsareal, velkomstsenter, aktivitetar for born/ungdom, fleire serveringsstader, samt utvikle felles fasilitetar som parkering, busshaldeplass, grønt areal etc.

Framifrå lagarbeid
-Sendo og Skabotn hadde ikkje vore mogleg å realisere utan eit framifrå lagarbeid mellom grunneigarar, Vårstølen, Veidekke, Sparbanken Vest og ikkje minst eigedomsteamet i Myrkdalen Fjellandsby as. Tilstrekkeleg sal og byggestart våren 2023 har vore eit mål me har kjempa mot heile vinteren, og me er godt nøgde med å ha nådd dette målet, særleg sett i ljos av ein vanskeleg marknad, seier Frode Rokne, eigedomsansvarleg i Myrkdalen.

Related links

Emner


Om konsernet Aurland Ressursutvikling

Konsernet Aurland Ressursutvikling (ARU) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

ARU eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

ARU er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

Per Brochmann

CEO / Konsernleiar +47 481 88 929

Frode Bremerthun Rokne

Finansdirektør / Eigedomsansvarlig Myrkdalen +47 918 41 635

Relatert innhold

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS

Postboks 42
5742 Flåm
Norway