Pressemelding -
Myrkdalen Fjellandsby lanserer Kamben Kafé & Spel – eit nytt spelerom!
4. Oktober opnar «Kamben Kafé & Spel» i Myrkdalen. Aktivitetstilbodet blir ei utviding av den allereie eksisterande serveringsstaden «Kamben Kafé & Bar», men lokalet blir betydeleg større. Det er lokala til sportsbutikken Myrkdalen Brandstore som no er omgjorde til ein storslått spelerom. Sportsbutikken er flytta til Myrkdalen Sport & Skiutleige.
Opninga av «Kamben Kafé & Spel» er ei utviding av underhaldingstilbodet i området og blir eit samlingspunkt for gjester i alle aldrar – året rundt!
På opningsdagen, 4. Oktober, vil det bli lett servering frå. 18.30. Den offisielle opninga finn stad kl. 19.30. Alle er velkomne.
Spel og servering
Nyvinninga vil by på duckpin bowling, moderne dartspel og shuffleboard. Spelerommets gjestar vil også kunna nyta varm mat og drikka. Det blir sal av både snacks, småretter og forfriskande drikkevarer.
Bent Cato Danielsen, driftsdirektør Norway’s best sier følgande om den nye satsinga:
«Opninga av Kamben Kafé & Spel er ein spennande milepæl for oss. Me ønskjer å skapa eit samlingspunkt der ein kan trekkja innandørs etter ein dag i skibakken, på ein regnvêrsdag eller kva som helst annan dag. Med dette tilbodet styrkjer me Myrkdalen som heilårsdestinasjon og me håpar både tilreisande og lokale vil finna glede i denne hallen!»
Om Myrkdalen Fjellandsby
Myrkdalen Fjellandsby er ein av Noregs raskast veksande fjelldestinasjonar, aller mest kjent for å vera eit pudder-paradis for dei skiglade. Samtidig har dalen mange andre aktivitetar å by på: sykkelstiar, stolpejakt, fjellspringing, guida turar, aking og mange spennande arrangement i helgar og feriar! Med gode overnattingsmoglegheiter og no også eit nytt spelerom, er Myrkdalen eit ideelt reisemål for heile familien.
Emner
Kategorier
Regions
Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.
NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50 % av selskapet som driv Flåmsbana. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.
NBG er også ein stor eigedomsaktør.