Gå videre til innhold
​Løftar fjordproduktet til nytt nivå

Pressemelding -

​Løftar fjordproduktet til nytt nivå

Går alt etter planen kan dei reisande få nyte vestlandsfjorden ombord i eit nytt og

spennande fartøy allereie neste sesong. The Fjords planlegg nytt fartøy med innovativt

design, som både er tilpassa dei reisande og verdsarvparken. Dette vil ta fjordopplevinga

til nye høgder både i kvalitet og reiseoppleving.

The Fjords blei etablert tidlegare i år for å styrke satsinga på fjordbasert reiseliv i Fjord-

Norge. Selskapet er felleseigd av Flåm AS og Fjord1 AS. Med reiselivskompetanse fra Flåm og

maritim kompetanse fra Fjord1 ynskjer ein fornying av materiell, og produktutvikling som er

tilpassa dei reisande. Samtidig er det viktig å sikre ein bærekraftig utvikling som tar hensyn

til miljøet i verdesarven.

Allereie i slutten av førre veke signerte The Fjords og Brødrene Aa i Hyen ein avtale om at

hurtigbåtverftet frå Sogn og Fjordane skal vidareutvikle og skreddarsy det nye

sightseeingkonseptet «Seasight» for bruk på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Partene tek

sikte på å signere endelig kontrakt før sommaren, med levering av nytt fartøy innan 1. mai

2016.

- Vi er særs glade for at The Fjords ønsker å samarbeide vidare med oss basert på

designet vi har lagt fram. Dette betyr mykje for oss, og vi synes sjølvsagt det er

positivt at lokale aktører finn saman i slike samarbeid, seier dagleg leiar i Brødrene

Aa, Tor Øyvind Aa.

Det er designer Torstein Aa, designer og 3 generasjon i familien som står bak det nye

sightseeingkonseptet frå Brødrene Aa.

Designet vart lagd fram for The Fjords i slutten av førre veke, og vi var unisont begeistra av

forslaget som vart lagt fram. Det nye designet tek hensyn til både universell utforming, god

uteplass og vindaugsflater som er viktig for å kunne tilby flotte naturopplevingar for gjestane

uavhengig av vær og vind. I tillegg treng vi eit fartøy som er tilpassa verdesarvparken, og

som tek omsyn til at miljøet i denne skal bevarast , seier konstituert dagleg leiar i The Fjords,

Rolf Sandvik.

The Fjords er et nytt selskap, men med to aktørar som begge ynskjer å levere eit bedre

fjordprodukt for dei reisande.

- Dette viser at vi meinar alvor. Vi skal løfte det fjordbaserte reiselivet til ei nytt nivå,

og vi skal tilby våre reisande ein heilt annan standard enn det vi til no har hatt

moglegheit for å tilby. Vi skal by på storslagen natur, og fortelle ekte historier til våre

gjester. Det nye fartøyet vil legge til rette for dette på ein framifrå måte, seier

styreleiar i The Fjords, Stian Hårklau.

- Det gjev også opplevinga for dei reisande ein ekstra dimensjon når båten dei reiser

med er designa, utvikla og bygd i det miljøet en opplever, tilføyer Sandvik.

No gjeld det å få på plass dei siste detaljar før endelig byggekontakt kan signerast, slik at vi

kan få nytt fartøy på fjorden allereie neste sesong.

Kontaktpersonar:

Rolf Sandvik, konstituert dagleg leiar i The Fjords, telefon 906 04 825

Stian Hårklau, styreleiar i The Fjords, telefon 415 36 304

Tor Øyvind Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa, telefon 57868702

Emner

Regions


Flåm finner du helt innerst i en sidearm av verdens dypeste og nest lengste fjord, den 204 kilometer lange og 1308 meter dype Sognefjorden. Omringet av stupbratte fjellsider, buldrende fossefall og trange daler, er dette området et paradis for de som søker unike og spektakulære naturopplevelser!

Kontakter

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Rolf Didrik Hexeberg

Pressekontakt Markedssjef 959 63 129

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS

Postboks 42
5742 Flåm
Norway