Gå videre til innhold
Næringskonferansen i Flåm blir arrangert av Norway's best i samarbeid med Sogn Næring, Sognefjorden Næringshage, Visit Sognefjord og Backline Voss.
Næringskonferansen i Flåm blir arrangert av Norway's best i samarbeid med Sogn Næring, Sognefjorden Næringshage, Visit Sognefjord og Backline Voss.

Nyhet -

Næringskonferansen i Flåm: Samarbeid løyser utfordringar

Er samarbeid nøkkelen til suksess? På Næringskonferansen i Flåm 20. oktober, fortel spanande næringsprofilar sine historier om korleis samarbeid og samhandling har vore avgjerande for framgang.

Saman blir me sterkare
Næringskonferansen i Flåm blir arrangert på Fretheim Hotel av Norway’s best, med Sognefjorden Næringshage, Sogn Næring, Visit Sognefjord og Backline Voss som gode partnarar. Målet er å skapa ein årleg konferanse om utvikling, samarbeid, innovasjon, kunnskapsformidling, innovasjon og omstilling for norsk næringsliv.

Årets konferanse vil vera eit møtepunkt med fokus på framsnakking av tida som kjem og samarbeid er ein raud trå gjennom arrangementet.

Konferansierane Finn Tokvam og Line Bjelde frå Sogn Næring losar oss gjennom ein dag fylt med interessante foredrag. Gjennom konferansen vil me få læra meir om korleis ulike bedrifter og aktørar samhandlar for å ta posisjon i marknaden.

Variert program
Frå kl. 10.00 til 16.00 vert det eit fullspekka program med mange kjente næringsprofilar. Mellom anna kjem Tore André Flo og fortel om korleis ein som lag utviklar enkeltspelarar. Frå Jannet Aksnes får ein høyre meir om utviklinga av restaurantkonseptet PopUp Norge som har vore suksess både på Otternes i Aurland og i ei gruve på Svalbard.

Korleis vi betre kan kommunisere berekraftsarbeidet vårt får vi høyre om frå kommunikasjonsbyrået Awake, medan Tom Dyrdal fortel om NTP si reise frå Gaupne til Premier League.

Sidan våren 2021 har offensive reiselivsaktørar i Aurland, Luster og Sogndal saman med Sogn Næring og Visit Sognefjord arbeida med å restarte og forsterke samarbeid og utvikling i reiselivsbygdene i Sogn. Vi får ein smakebit frå arbeidet og møte med bedriftene.

Heile Sogn. Heilt ekte. Heile året.
Det er fokuset til Visit Sognefjord. Dagleg leiar Heidi Hauge presenterer masterplan for reisemålet Sogn som no er vedteken. No startar jobben, og den må vi gjere saman.

Sogn Avis har invitert lesarane til å kåre det beste av Sogn og vinnarane av årets produkt, årets bedrift og årets gründer blir annonsert på Næringskonferansen.

Kulturelt fjordcruise
Til lunsj diskar Fretheim Hotel opp med mat laga av råvarer frå lokale samarbeidspartnarar. Det blir lagt opp til minglelunsj med varierte smårettar servert i konferansesenteret – ein ypparleg til å bli betre kjent.

Når sjølve konferansedelen er ferdig går det buss til Gudvangen, der det er duka for Kulturelt Fjordcruise om bord på prisvinnande Future of The Fjords. På fjordvegen tilbake til Flåm blir det underhaldning av Finn Tokvam og god tid til å prate. Vel tilbake ventar middag i restaurant Arven på Fretheim Hotel.

Kom før og bli lenger
Dei som overnattar frå onsdag 19. oktober kan kickstarta konferansedagen med på morgonyoga eller guida morgontur til Brekkefossen, medan dei som blir over til fredag 21. oktober har ein unik moglegheit til å låna kontorplass fleire stader i bygde – med fjell- eller fjordutsikt.

Fredag kveld startar også Nynorske Litteraturdagar, ein årleg litteraturfestival med base på Fretheim Hotel og eit spanande program for deg som ynskjer eit endå lengre opphald ved fjorden.

Related links

Kontakter

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Rolf Didrik Hexeberg

Pressekontakt Markedssjef 959 63 129

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS

Postboks 42
5742 Flåm
Norway