Gå videre til innhold
No er det mulig å overnatte så langt vest du kan kome, på fjellplatået Vestkapp. Her kan du oppleve storhavet frå komfortable sengar, 496 meter over Stadhavet.
No er det mulig å overnatte så langt vest du kan kome, på fjellplatået Vestkapp. Her kan du oppleve storhavet frå komfortable sengar, 496 meter over Stadhavet.

Pressemelding -

No kan du sovne til panoramautsikt mot Stadhavet på Vestkapp

Endeleg blir det mogleg å ligge i ei komfortabel dobbeltseng på Vestkapp med panoramautsikt utover Stadhavet. Her kan alle kome og nyte ei overnatting utanom det vanlege etter ei utsøkt servering i restauranten. Du får oppleve vêret slik det er på Vestkapp, frå vindstille og sol til kraftig vind og regn.

Vestkapp restaurant har inngått samarbeid med Gloppa AS om å drifte to utleigehytter. Hyttene er «off grid», noko som betyr at dei er frittståande og sjølvforsynt med lys, toalett og varme ved hjelp av gass og solceller. Dei vil bli ståande kun i sommarsesongen 2023 og 2024, så her gjeld det å nytte høvet! Gloppa AS har spesialisert seg på flyttbare hytter med høg komfort og store vindaugsflate slik at dei besøkande kan ta inn den storslagne naturen på Vestlandet til fulle. På Vestkapp er det ei magisk utsikt, og her kjem hyttene verkeleg til sin rett.

- «dette vil vere ei vill og vakker oppleving som endeleg er mulig på Vestkapp. Vi har i mange år hatt lyst til å få dette til og no er det snart ein realitet», seier Kristina Myrseth på Vestkapp Restaurant.

Vestkapp - Vestlandet sitt Nordkapp
496 meter over Stadhavet, på fjellplatået Kjerringa, ligg vakre Vestkapp som er eit av dei mest spektakulære og vestlegaste utsiktpunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. Vestkapp er eit turistmål med flat vidde, bratte skrentar og imponerande panoramautsikt i alle himmelretningar. På godvêrsdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. 

Hyttene vil vere tilgjengeleg kun på sommarstid, og første overnatting er mogleg frå 12. juni 2023, og vil vere tilgjengeleg for leige ut september. Dei kan bookast via www.vestkapp.no. Nytt sjanse til å oppleve noko storslått og minneverdig denne sommaren - opplev kysten på ein heilt ny og nær måte.

Ved eventuelle spørsmål:

Ta kontakt med Kristina Myrseth ved Vestkapp restaurant Tel. 907 18 165.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet inne for ferie- og fritidssegmentet.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet.

Mer bilde- og video substantiv finnes siden .

Kontakter

Beate Vik Hauge - Visit Nordfjord

Beate Vik Hauge - Visit Nordfjord

Pressekontakt Kommunikasjonsleiar 90786563
Media Content Panel
Hytter på Vestkapp foto Wenche-Linn Barmen @villabarmen85]
Hytter på Vestkapp foto Wenche-Linn Barmen @villabarmen85]
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
3024 x 4032, 1.26 MB
Last ned
Media Content Panel
Veskapp foto Wenche Leknesund[17]
Veskapp foto Wenche Leknesund[17]
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
2048 x 1536, 409 KB
Last ned
Media Content Panel
Veskapp foto Wenche Leknesund[7]
Veskapp foto Wenche Leknesund[7]
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
1536 x 2048, 470 KB
Last ned
Media Content Panel
Veskapp foto Wenche Leknesund[87]
Veskapp foto Wenche Leknesund[87]
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
3024 x 4032, 1.03 MB
Last ned
Media Content Panel
Veskapp foto Wenche Leknesund[60]
Veskapp foto Wenche Leknesund[60]
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
2048 x 1536, 521 KB
Last ned
Media Content Panel
Hytter på Vestkapp foto Wenche-Linn Barmen @villabarmen[29]
Hytter på Vestkapp foto Wenche-Linn Barmen @villabarmen[29]
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
4032 x 3024, 790 KB
Last ned
Media Content Panel
Hytter på Vestkapp foto Wenche-Linn Barmen @villabarmen[42]
Hytter på Vestkapp foto Wenche-Linn Barmen @villabarmen[42]
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
3024 x 4032, 2.13 MB
Last ned
Media Content Panel
Vestkapp foto Nils Ole Refvik.1[8]
Vestkapp foto Nils Ole Refvik.1[8]
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
4032 x 2268, 3.06 MB
Last ned
Media Content Panel
Vestkapp foto Nils Ole Refvik.4
Vestkapp foto Nils Ole Refvik.4
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
5280 x 2970, 4.48 MB
Last ned
Media Content Panel
Vestkapp foto Nils Ole Refvik.4
Vestkapp foto Nils Ole Refvik.4
Lisens:
Bruk i media
Filformat:
.jpg
Størrelse:
5280 x 2970, 4.48 MB
Last ned

Relatert innhold

No kan du snart klatre opp den høgste sjøklippa i Europa, Hornelen Via Ferrata. Foto: Norges Boltefond

Nye Hornelen Via Ferrata - Nå kan du klatre Europas høyeste sjøklippe

No kan du snart klatre Europas høgste sjøklippe! Hornelen Via Ferrata er ein ny spektakulær via ferrata der du klatrar opp den høgste sjøklippa i Europa, heile 860 meter over havet. Klatringa i loddrett fjell med sjøen rett under er noko du og dine aldri vil gløyme. Det finst tre ulike ruter opp Hornelen, finn den ruta som passar deg.

Myklebustskipet på Sagastad Vikingsenter. Foto: Ruben Soltvedt

Sagastad Vikingsenter lanserer unik smykkeserie inspirert av lokale vikingfunn

Nordfjordeid sin eigen smykkedesignar har på oppdrag frå Sagastad Vikingsenter dykka ned i detaljane i Myklebustfunna for å finne inspirasjon til ein ny smykkekolleksjon med namnet Sagastad Vikingsmykke i Nordfjord. Dette er eit verdifullt samarbeid mellom Sagastad Vikingsenter, BergArt og Sylvsmidja på Voss.

Lotsstøylen i Nordfjord. Foto: Saltnwax

Visit Nordfjord Miljøfyrtårnsertifisert

Destinasjonsselskapet for Nordfjord regionen, Visit Nordfjord, er no Miljøfyrtårnsertifisert. Dette er første steg på vegen for å ivareta den flotte naturen for komande generasjonar, auke lønsemda lokalt og utvikle turismen i regionen saman med nordfjordingane. Selskapet jobbar tett med kommunar og aktørane i Nordfjord med mål om å bli merka som eit berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norge.

Loen Shuttle ved Breng seter i Lodalen. Foto: Loen Active

Loen Shuttle - ein ny måte å oppleve Loen og Lodalen på

Oppstart av eit nytt og etterspurt transporttilbod i Loen og Lodalen. Fredag 1. juli startar eit nytt transporttilbod for besøkande i Loen og Lodalen. Loen Shuttle er eit tiltak frå reiselivet i Loen for redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken.

Det offisielle landsdelsselskapet for Vestlandet

Fjord Norge AS (Fjord Norway) er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene, og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet (Fjord Norge-regionen) innenfor ferie- og fritidssegmentet i norsk reiseliv. Fjord Norge AS skal gjennom målrettet internasjonal markedsføring, presse- og pr-arbeid og markedsbearbeidelse bidra til økt turisttrafikk, helsårsturisme og økt lønnsomhet for reiselivet i landsdelen.

Fjord Norges visjon er "Å VISE VERDEN FJORDENE" ved å være det mest profesjonelle og slagkraftige regionale destinasjonsselskapet i Europa. Selskapet skal posisjonere Fjord Norge regionen som verdens mest attraktive destinasjon for natur- og opplevelsesferier.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, samt de fire fylkeskommunene på Vestlandet.

Fjord Norge AS

Nordre Nøstekaien 1
5011 Bergen
Norge

Besøk våre andre nyhetsrom