Gå videre til innhold
Benedicte Maurseth gjenoppdagar gløymde spelekvinner

Pressemelding -

Benedicte Maurseth gjenoppdagar gløymde spelekvinner

I ei ny bok, plate og vandreutstilling, gjenopplivar den prislønte folkemusikaren Benedicte Maurseth ein gløymd del av den norske kulturhistoria. Systerspel – Om spelet som var og spelet som vart borte vert lansert med konsert, utstillingsopning og forfattarsamtale under Osafestivalen på Voss 29.--30. oktober 2022. Systerspel i sine ulike utgåver, fortel historia om spelekvinnene, om kvinner som spela fele frå 1700-talet til i dag. Dei er fleire enn du trudde.

Om boka Systerspel

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte?

Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Benedicte Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og meddikting. Systerspelfortel om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Boka tek også opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.

Benedicte Maurseth gjer oss ei breiare forståing av musikken si rolle i samfunnet, både i fortida og i nyare tid. Kven var disse kvinnene som spela og samla bygder og lokalsamfunn? Og kvifor vart dei på eit tidspunkt borte frå den offentlege arenaen?

Om albumet Systerspel

Albumet Systerspel kuratert av Benedicte Maurseth, er meint som ein oppfølgjar til samlealbumet Meisterspel frå 1997 utgjeve på Heilo. Albumet Meisterspel vart den gong utgjeve i samband med boka Hardingfela, og inneheldt slåttespel framført av tjuetre ulike felespelarar, men der diverre ingen av dei utvalde utøvarane var kvinner.

Albumet Systerspel gjev denne gong plassen til spelekvinnene, og inneheld tidlegare utgjevne innspelingar med alt frå Kristiane Lund frå 1919, den fyrste spelekvinna som spelte inn hardingfele på grammofonplater, til Helga Myhr og hennar solo-album frå 2020. I tillegg kjem ei rekkje andre meisterspelarar som Signe Flatin Neset, Mari Eggen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Britt Pernille Frøholm med fleire.

Mange av spelekvinnene omtalt i boka Systerspel,er å høyra på albumet med same tittel.

Systerspel i sine ulike uttrykk vert lansert 29. og 30. oktober 2022 under Osafestivalen på Voss.

29. oktober kl. 12.00: Utstillingsopning

For fyrste gong vert det laga ei vandreutstilling om spelekvinna frå ulike delar av landet. Utstillinga er såleis unik, og gjev publikum høve til å sjå og oppleva mellom anna den eldste hardingfela bruka av ei spelekvinne frå 1784, handskrivne turnébrev, særmerkte felehus henta fram frå privat eige, eldre og ukjende fotografi, lydopptak med meir. Les meir

Produsert av Osafestivalen, i samarbeid med Benedicte Maurseth, Prestegaard-design og Modest.

29. oktober kl. 14.30: Framføring av tingingsverket Systerspel

Tingingsverket av Benedicte Maurseth er ein scenisk versjon av boka, og er ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om lagnaden til spelekvinna i Noreg frå 1700 -talet og til i dag. Les meir

Medverkande:
Benedicte Maurseth – hardingfele, komposisjon, forteljing og tekstframføring
Birk Nygaard, scenografi, lys og projeksjon
Kieran Kolle, film
Jørgen Træen, lydkollasj
Hildegun Riise, regi

30. oktober kl. 14.30: Forfattarmøte – Benedicte Maurseth og Olaug Nilssen

Forfattar Olaug Nilssen og Benedicte Maurseth vil samtale om den nye boka Systerspel, utgjeve av Fagbokforlaget. Dei vil drøfta det mangeårige innsamling- og skrivearbeidet, og koma inn på ulike tema som bondespelekvinna sin posisjon føre hamskiftet, kva føringar vekkingskristendom og «husmorifiseringa» har hatt, om språkbruk, infantilisering og seksualisering, og om å vera spelekvinne i dag, i ein tradisjon lenge dominert av spelemenn. Les meir

Kontakt:

Benedicte Maurseth: Tlf 959 79 904 / b.maurseth@yahoo.no / www.maurseth.net
Ida Dyrkorn Heierland, Osafestivalen, 472 59 670 / ida@osafestivalen.no

Presseeksemplar av boka Systerspel:

Ynskjer du eit presseeksemplar eller biletmateriell frå boka, ta kontakt med Glenn Jensen Mangerøy, Fagbokforlaget, 975 56 626 / glenn.mangeroy@fagbokforlaget.no

Presseeksemplar av CD-albumet Systerspel:

Lyttelenke: https://s.disco.ac/tdwvlwwutccb

Heilo / Grappa Musikkforlag ved Frøydis Bergheim Ruud, 924 62 924 / froydis@grappa.no

BIOGRAFI

Benedicte Maurseth, hardingfelespelar, komponist og forfattar, er ein etablert og anerkjend utøvar frå Eidfjord i Hardanger. Ho har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre gjennom fleire tiår, og har turnert i omfattande grad som solist i Norge og internasjonalt. Ho samarbeidd med mange av dei framste kunstnarar på tvers av sjangrar som Nils Økland, Marilyn Crispell, Rolf Lislevand, Jon Fosse og Anne Marit Jacobsen. Maurseth har fleire tingingsverk bak seg, mellom anna for teater, film, og fleire album. For verket Tidekverv, uroppført i 2017, vart ho tildelt NOPA sin musikkpris, og hennar spesialskrivne song «Very full» for Marvel Studio i Hollywood til TV-serien Loki, kom mellom anna høgt på Billboard-lista. Maurseth har òg spelt inn fleire album for Grappa Musikkforlag (Hubro & Heilo) og ECM Records, og har i tillegg gjeve ut bøker, artiklar og essay. Hennar siste album Hárrvart nyleg tildelt den prestisjetunge prisen Nordic Music Prize for 2022.

Pressefoto av Benedicte Maurseth finn du her.

Related links

Emner


Fagbokforlaget er et av de største fagbok- og læremiddelforlagene i Norge med utgivelser for profesjonsmarkedet og hele utdanningsløpet fra barnehage til høyere utdanning, samt norsk for minoritetsspråklige. Fagbokforlaget er en del av Forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS.

www.fagbokforlaget.no

Kontakter

Ingrid Krøvel-Velle

Ingrid Krøvel-Velle

Pressekontakt Markedskonsulent og pressekontakt Juss. Pressekontakt for alle akademiske utgivelser 97554811
Mona Bruvik

Mona Bruvik

Pressekontakt Markedskonsulent Humaniora og samfunnsfag 99589615
Jens Helleland Ådnanes

Jens Helleland Ådnanes

Pressekontakt Markedskonsulent Sykepleie og psykologi 90745151

Fagbokforlaget

Vi bryr oss om fag og utdanning, og ønsker å gi ut fagbøker og læremidler som dagens elever, studenter, forskere og ulike yrkesgrupper har behov for. Våre forfattere skriver bøker som dekker hele utdanningsløpet fra barnehage til høyere utdanning, samt norsk for minoritetsspråklige og praktikermarked. Fagbokforlaget er en del av Forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS.

Fagbokforlaget

Kanalveien 51
5068 Bergen
Norge