Edda-premiere i Danmark
Edda får Danmarkspremiere i morgon. Århus er Europeisk kulturhovudstad i 2017, og framsyninga er ein av hovudattraksjonane.
Edda får Danmarkspremiere i morgon. Århus er Europeisk kulturhovudstad i 2017, og framsyninga er ein av hovudattraksjonane.
Enorm interesse for nytt samarbeidsprosjekt mellom OBOS og Det Norske Teatret som gir gratis billettar til skolebarn.
Neste helg blir Hovudscenen til byens kulaste disco når Urban Art Attack med hiphop-dansande kids og sløye beats tek over teateret.
Frank Kjosås og Kristoffer Olsen skal spele dei to hovudrollene i neste års musikal-sensasjon på Hovudscenen; The Book of Mormon.
Stein Torleif Bjella er dobbelt aktuell: I dag lanserer han sitt nye album, 14. januar er det urpremiere på teaterstykket "Kan nokon gripe inn" med hans musikk og songtekstar på Det Norske Teatret.
I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Kjersti Dalseide og Hans Rønningen.
I stykket behandlar Jon Fosse familiære tema som forholdet mellom foreldre og barn, utruskap og lengt etter kjærleik. Dette er tema samlivsterapeut Sissel Gran har lang erfaring med. I forkant av nokre av framsyningane kan du få med deg ein introduksjon med den erfarne psykologen.
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge