Paul-Ottar Haga og Evy Kasseth Røsten med Olav Duun-framsyning
Det Norske Teatrets skodespelar Paul-Ottar Haga står på scenen i lag med kona Evy Kasseth Røsten i ei framsyning basert på Olav Duuns roman om den vanføre Daniel.
Det Norske Teatrets skodespelar Paul-Ottar Haga står på scenen i lag med kona Evy Kasseth Røsten i ei framsyning basert på Olav Duuns roman om den vanføre Daniel.
I år er det 200 år sidan diktaren, journalisten, kritikaren, språkforkjemparen og folketalaren Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Dette blir markert med festframsyning på Det Norske Teatrets Hovudscene.
Blåmann, blåmann bukken min er ei varm og humoristisk dokketeaterframsyning med utgangspunkt i den kjende barnesongen av Aasmund Olavsson Vinje.
Skodespelarane Rolf Kristian Larsen og Frank Kjosås debuterer begge i uvande roller med eit stykke om å leve medan det enno er tid.
Tusen takk teater er ei framsyning det er vanskeleg å setje ord på - ei framsyning som sjølv ironiserer over eit kvart forsøk på å skildre kunst i få linjer.
Eventyrleg teater med utgangspunkt i ei brutal verkelegheit blir formidla med musikk og magi frå Det Norske Teatrets Hovudscene i haust.
Bjarte Tjøstheim tek hevn på angsten sin ved å tvinge seg sjølv ut på scenen for å fortelje om den i ei ærleg og personleg framsyning sitt eige liv. For det går betre no. – Eller gjer det eigentleg det?
Må Peer Gynt i støypeskeia? Når Toralv Maurstad igjen står på scenen som Peer Gynt, er det som den gamle Peer.
Kan det vere slik at alle velferdsordninger, sosiale retter og prinsipp som ligg til grunn for at alle skal kunne lykkast i samfunnet, er i ferd med å spenne bein under seg sjølv? At samfunnet og foreldras sikkerheitsnett er så sterkt at barna ikkje blir rusta for å takle dei utfordringar som kjem i eit heilt vanleg liv?
Det Norske Teatret opnar teaterhausten med William Shakespeares mest blodige tragedie. Kan ein forklare kvifor ein begår vonde handlingar? Går det an å leve med seg sjølv etter å ha starta eit blodbad?
Den amerikanske stjerneregissørens Edda, som blei sett opp på Det Norske Teatret i fjor vår, skal no, på besøk til opphavslandet Island.
Hildegun Riise er kjend for å vere ein dyktig poesitolkar, med sin varme stemme og inderlege framføring. I Stjerner, songar, ansikt deler ho nokre av sine favorittdikt med publikum, til musikk ved pianist Anders Aarum.
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge