Gå videre til innhold
Ronnie M.A.G. Larsen med varm og humoristisk forteljing frå Bislett.

Pressemelding -

Ronnie M.A.G. Larsen med varm og humoristisk forteljing frå Bislett.

I nokre sommarveker ligg Oslogryta på kokepunktet, og vinden er søkk borte. Pianostemmaren Henry Moan er godt vaksen, og heile livet har han budd i den same bygarden i Thereses gate. Han har brukt talentet sitt til å gjere amatørar gode og la virtuosar skinne. Ein dag døyr sjefen og Henry innser at ein livslang draum om å bryte opp og flytte til Salzburg er innan rekkjevidde.
Han skal berre avvikle pianobutikken, besøke epleskrotten av ei mor, få greie på kva som eigentleg skjedde med Slampen, ta seg av undulaten Louis, bli sjukemeldt, unngå å verte forelska, bli friskmeldt, spreie sjefens oske utover Oslo, halde gullavtalen med Konserthuset varm, nippe til ein whisky av beste sort i Bar Noir, bli klok på Frk. Sanner og ikkje minst få seg ei god natts søvn, noko han ikkje har hatt på så lengje han kan hugse. 

Sommar i Thereses gate er ein roman om dei som aldri tek steget for å realisere seg sjølv, om dei som aldri seier det dei har på hjartet og om dei som kan leve eit heilt liv utan å bli sett. Anten dei vil det eller ikkje.

Ronnie M.A.G. Larsen (f. 1971) er fødd og oppvaksen på sunnmørsøya Giske. I 2008 debuterte han med novellesamlinga Offa. Ronnie er utdanna filmregissør/manusforfattar og har spelt perkusjon i The Margarets.
Kontaktopplysninger: ronnie@themargarets.com og 99024866

Les mer på forfatterens hjemmeside: www.ronniemaglarsen.no

Fra pressens mottagelse av Offa:
" Fin humor, både i gapskratt- og underfundighetsklassen"
Terje Stemland, Aftenposten 

"Mye varme og mye humor i folkloristisk skildring fra havgapet".
Cathrine Krøger, Dagbladet

"OFFA – forteljingar frå ei øy er ei debutbok med eit rikt utval ironisk-humoristiske karakteristikkar og observasjonar. Skildringane er treffsikre og sikkert smertefullt gjenkjennelege for mange."
Audun Sjøstrand, Bergens Tidende

Emner

Kontakter

Tone Hansen

Tone Hansen

Pressekontakt Kommunikasjonssjef 92435573
Ole Bjerkebakke

Ole Bjerkebakke

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig Skjønnlitteratur +47 905 91 564
Vibeke Christiansen

Vibeke Christiansen

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig livsstil og krim & underholdning 41299950
Julia Kleppestø Selbekk

Julia Kleppestø Selbekk

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig barne- og ungdomsbøker 41208500

Norges største bokforlag med utgivelser innen de fleste fagområder

Cappelen Damm er Norges største forlag. Forlaget utvikler, formidler, selger og distribuerer kunnskap, kultur og leseopplevelser til voksne og barn.