Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Foto: Agnete Brun

Lansering av Juleroser 2022 med Herborg Kråkevik som redaktør og bidrag frå m.a. Janove, Nina Lykke og Robert Stoltenberg

Juleroser kjem ut i si 8. utgåve 4. november. Herborg Kråkevik er redaktør og som før er heftet spekka av nyskrivne tekstar og klassisk og nylaga kunst. Janove har skrive årets Juleroser-song; Carnaby jul. Andre bidrgsytarar er m.a. Robert Stoltenberg, Nina Lykke, Anne Gunn Halvorsen, Mette Hellenes, Dag Solstad og fleire. Den fargerike biletveven «Kolyada» av den ukrainske kunstnaren Olha Pilyuhi

Ny bok frå Oddgeir Bruaset; korleis gjekk det med alle frå NRK-serien "Der ingen skulle tru at noko kunne bu"?

Ny bok frå Oddgeir Bruaset; korleis gjekk det med alle frå NRK-serien "Der ingen skulle tru at noko kunne bu"?

Eitt spørsmål får Oddgeir Bruaset igjen og igjen. Korleis gjekk det med menneska i NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu? Dette får vi svar på i den nye boka Gjensyn. Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Denne boka byr på eit gjensyn. Korleis har det gått med desse og alle dei andre i serien? Bur dei framleis på staden, eller har dei flytta? Om mange av stadene er lik seg sjølv, ha

Alfred Fidjestøls biografi om Georg Johannesen nominert til Brageprisen i sakprosa

Alfred Fidjestøls biografi om Georg Johannesen nominert til Brageprisen i sakprosa

Alfred Fidjestøls bok Innerst i hjertet har jeg min forstand: biografien om Georg Johannesen, kom ut i september til stålande kritikkar og er no nominert til Brageprisen i klassen sakprosa.

Frå juruens grunngjeving: "Mange års arbeid med biografien om Georg Johannesen ber no frukter. Med sine omfattande kunnskapar og suverene evne til å skrive godt og underhaldande, har Alfred Fidjestøl gre

Elena Ferrantes siste roman; "Dei vaksnes løgnaktige liv" blir Netflix-serie

Elena Ferrantes siste roman; "Dei vaksnes løgnaktige liv" blir Netflix-serie

Elena Ferrantes siste roman Dei vaksnes løgnaktige liv blir TV-serie på Netflix og har premiere 4. januar 2023. Elena Ferrante har skrive manuset i samarbeid med Laura Paolucci, Francesco Piccolo og Edoardo De Angelis. Det er det italienske produksjonsselskapet Fandango som står bak serien, som dei og gjorde med HBO-serien basert på Ferrantes Napoli-kvartetten (My brilliant friend). Serien er re

Vis mer

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO