Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Første kapittel av den norske utgåva av "Finnegans Wake" blir lansert på hundreårsfeiringa for James Joyces "Ulysses"

Første kapittel av den norske utgåva av "Finnegans Wake" blir lansert på hundreårsfeiringa for James Joyces "Ulysses"

Det er i år hundre år sidan James Joyces roman Ulysses vart utgjeven for fyrste gong. Samlaget markerer jubileet ved å gje ut det fyrste kapittelet frå eit work in progress: Leif Høghaugs omsetjing av det siste storverket frå Joyce si hand, Finnegans Wake.
Vi lanserer utgivinga av dette første kapittelet på  The Oslo Bloomsday Celebrations 2022 på Café MIR, Toftes Gate 69, Oslo, 16. juni kl 18.

Frisørgründer Irene Stana gir ut bok som lærer deg å klippe håret sjølv; "Klipp deg! Trinn for trinn guide"

Frisørgründer Irene Stana gir ut bok som lærer deg å klippe håret sjølv; "Klipp deg! Trinn for trinn guide"

Irene Stana (f. 1970) frå Voss har jobba som frisør i 35 år. Ho er gründeren bak Floke, Noregs einaste «Grøn-salong»-sertifiserte frisørkjede. Stana har utvikla den veganske hårpleieserien «Lyng» og lanserte nyleg Flokes Nettklipp, landets fyrste nettbaserte frisørteneste.
Uansett om du berre skal klippe luggen, stusse tuppane eller vil ha heilt ny frisyre; eit fint resultat krev systematisk j

Ny bok om fire store forfattarar; Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam

Ny bok om fire store forfattarar; Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam

I den nye boka Fire store viser Jan Inge Sørbø kvifor dei fire forfattarane Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, og Marie Takvam ikkje har fått plassen dei fortener - og kvifor dei bør lesast i dag.
Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar. Hulda Garborg er kje

Foto: Oda Berby

Ingelin Westeren debuterer med romanen "Musikk for folk i trøbbel"

Ingelin Westeren debuterer med romanen Musikk for folk i trøbbel, med handling frå innsida av eit miljø vi sjeldan høyrer frå. Hovudpersonen Ida forsøker lappe saman tilværet sitt. Ho går på NAV, forsøker å ta seg av ei mor si, og har Susanne Sundførs musikk som lydspor i livet.
Ida har ikkje fullført vidaregåande, og til saman har ho jobba tjue dagar i det ordinære arbeidslivet. Mor hennar har

Foto: Agnete Brun

Emil A. Erstad lanserer ny bok om tida som mørkemann og kristenkonservativ

Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt, enkelt spørsmål: Kvar er du på veg - mot himmelen eller helvete?
Erstad vaks opp med foreldre som ikkje var særskilt kristne.

Vis mer

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO