Alfred Fidjestøl med barnebok om 40-årsjubilanten Julius
Alfred Fidjestøl er barnebokaktuell med boka "Som ein bror" om sjimpansen Julius. Boka lanserast under 40-årsfeiringa av Julius i dyreparken i Kristiansand torsdag 5. september.
Alfred Fidjestøl er barnebokaktuell med boka "Som ein bror" om sjimpansen Julius. Boka lanserast under 40-årsfeiringa av Julius i dyreparken i Kristiansand torsdag 5. september.
Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. I den nye boka "Dette er også Noreg. Kommunal feelgood" følgjer vi journalisten Jens Kihl turen rundt til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri?
Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar h
Fredag 6 . september markerer starten på det som vert ein stor Jon Fosse-haust. Då lanserer Samlaget første band i romanserien og storverket Septologien som har tittelen Det andre namnet.Forfattaren er sjølv til stades på lanseringa på Det Norske Teatret kl 9 på fredag. Det blir kaffi og sveler til alle. Hildegun Riise og Benedicte Maurseth framfører utdrag frå boka. Introduksjon til verket ved re
Kari Stai får Nynorsk barnelitteraturpris 2018 frå Noregs Mållag. Ho får prisen for boka "Jakob og Neikob og Alle Andre".
Frå i dag 1. juli blir meirverdiavgifta på 25 prosent på e-bøker fjerna.
-Samlaget vil at dette skal kome lesarane til gode og vi set derfor ned prisen med 25 % på alle våre e-bøker frå i dag, seier adm. direktør i Samlaget, Edmund Austigard.
Samlaget har omlag 600 e-bøker tilgjengeleg for sal i alle dei norske nettbokhandlarane. Dei kan også lett overførast til Kindle.
6 . september markerer starten på det som vert ein stor Jon Fosse-haust. Då lanserer Samlaget første band i romanserien Septologien som har tittelen Det andre namnet.
For Jon Fosse har det vore ein uvanleg skriveprosess. -Septologien skreiv seg så å seie sjølv, og han skreiv seg sjølv uventa lang. I min forfattarskap har aldri noko liknande skjedd, seier han
Septologien er eit suggererande o
I den nye boka Skeive linjer i norsk historie frå norrøn tid til i dag gir Hanne Marie Johansen ei første samla oppsummering av skeive si historie i Noreg. Sentrale spørsmål i boka er korleis brot med normer for kjønn og seksualitet har blitt oppfatta og behandla til ulike tider, og kva for årsaksforklaringar som har dominert. I eldre kjeldemateriale finn vi få spor etter skeive; korleis skal det
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO