Catherine Blaavinge Bjørnevog debuterer med diktsamlinga "Um sakne springe blome"
Blaavinge Bjørnevogs debutbok er ein mørk og mytisk sørgjesong fortald i eit heilt særeige lyrisk språk
Boka vert lansert på Ulvik Poesifestival på Hauge-senteret 9.9.
I Um sakne springe blome ventar ei kvinne på ein mann. Er det ho sjølv som er skuld i fråværet hans, i at ho sit åleine med barna, og at ho også mistar dei, eitt etter eitt? Kva har ho gjort for å fortene denne straffa? Kvinn