Pressemelding -
Særmerkte, leikande og opprørske dikt frå Björner Torsson i norsk gjendiktning
Den svenske poeten Björner Torsson har gjennom 50 år stått støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Med dobbeltutgivinga av samlingane I skuggen av ein hare (2001) og Hüzun eller Den samanleggberre nasen (2012) blir han no gitt ut på norsk for første gong i samlinga Torsson x 2.
Torssons dikt er i stadig rørsle, med høg energi og ein heilt eigen logikk og sans for absurditetar og det skapande potensialet i språket. Dei er leikande, opprørske. ⠀⠀
Les utdrag frå boka: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/torsson_x...⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Vi ser nærmast dikt bli til framfor nasen på oss: først presist oppbygde gjennom sterk sanselegdom, innfall og uventa bilde - i neste augneblink rivne ned eller korrigerte gjennom avbrot og distraksjonar. Dei skal alltid vidare. Til saman utgjer dei eit byggverk som, nettopp fordi det nektar å stivne i ei form, står støtt på ein plass heilt for seg sjølv.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Gjendikta frå svensk av Gunstein Bakke. Etterord ved poeten Dan Gustavsson
Björner Torsson (f. 1937) er busett på Gotland. Han er poet, arkitekt og tidlegare lærar på Tekniska högskolan i Stockholm. Han debuterte i 1964 med Duvan i oljeregnet og har fått ei rekkje prisar for forfattarskapen sin.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.