Gå videre til innhold
Omslag: Øyvind Torseter
Omslag: Øyvind Torseter

Pressemelding -

Poetisk biletbok om sorg frå Laura Djupvik og Øyvind Torseter

I Bror min møter vi ei jente og far hennar i ei tid prega av sorg. Dei to lever ut sorga på ulikt vis. Faren trekker seg inn i seg sjølv, medan jenta drøymer om broren ho har mista. Då jenta får faren med på drøymeleiken, skjer det noko stort og uventa. Boka er ei hyllest til draumen og fantasien.

Bror min viser kor ulikt barn og vaksne kan tenke om sorg – og korleis dei ulike perspektiva saman kan gi både innsikt og krefter til å leve vidare, saman.

Boka kan eigne seg for den som har mist nokon, men òg som grunnlag for samtale med barn om kva døden er.

Bror min er ei forteljing om sorg og håp og om dei heilande kreftene som vi alle ber på. Djupviks sobre prosa får fylgje med Torseters særeigne strek, og det er eit formspråk som understrekar verbaltekstens flytande skilnad mellom fantasi og røyndom.

Laura Djupvik (f.1970) er forlagsredaktør og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur nå i Lier i Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liteni 2004. Ho har skrive fleire bøker for vaksne, ungdom og barn. No fær huset – Forteljingar (2020) er hennar siste utgjeving.

Øyvind Torseter (f.1972) er ein prisbelønt forfattar og illustratør, og har blant anna vunne DeutscherJugendliteraturpreis, Bokkunstprisen og Bologna RagazziAwards. Han er kjent for bøker som Hullet, Mulegutten og Altmuligmannen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO