Gå videre til innhold
Pest-klassikaren "Dekameronen" i nytt utval

Pressemelding -

Pest-klassikaren "Dekameronen" i nytt utval

Giovanni Boccaccios verdskjende klassikar Dekameronen kjem no i nytt utval. 

Litteraturhuset i Oslo sender eit foredrag med Jon Rognlien om verket 9.6.: https://www.facebook.com/events/2630963420504739/

Youtube-lenkje til arr: https://bit.ly/2MK9C0I

Året er 1348. Ti ungdomar flyktar frå svartedauden som herjar i Firenze, og isolerer seg i ein villa på landet. Alle er friske, og i ti dagar underheld dei kvarandre med å fortelje historier. Dette er ramma for Dekameronen, eit ord som på norsk kan omsetjast til «Dei ti dagane». Storverket frå 1353 omfattar 101 historier pa. nærare 1000 sider. I dette utvalet finn du tolv av dei forrykande forteljingane. Vi har òg teke med eit utdrag fra. Boccaccios skakande vitnesbyrd frå pesten i Firenze. Boccaccios historier har mykje til felles med eventyra - dei handlar om kløktige tenestefolk og dumme herrar, om lausaktige kvinnfolk og kåte elskarar. Dei spenner frå erotikk til satire, frå det tragiske til det komiske, frå røff humor til livsvisdom.

Dekameronen vert rekna som verdas første novellesamling og er ein grunnstein og eit vendepunkt i verdslitteraturen. Boka er eit av verdas mest betydelege verk og har inspirert forfattarar som Geoffrey Chauser, William Shakespeare, Miguel de Cervantes og Jonathan Swift. Meir enn noko anna er dette eit skattkammer av gode soger. 

Til norsk ved Magnus Ulleland, Utval og føreord ved Jon Rognlien.

"Eit litterært mesterverk, en hyllest til fortellerkunsten og en psykologisk studie av det vi i dag vil kalle krisemestring"

Ingunn Økland, Aftenposten

Giovanni Boccaccio (1313–1375) var ein italiensk diktar og humanist. Han skreiv i mange sjangrar, og er mest kjend som forfattar av Dekameronen.

Boccaccio reiste som kremmar rundt i Italia og samla legender og skrøner. Han beundra Dante Alighieri og var nær ven av Francesco Petrarca. Dekameronen har vore filmatisert tallause gonger. Mest kjend er Pier Paolo Pasolinis versjon frå 1971 som òg gjorde stor suksess på norske kinoar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO