Gå videre til innhold
Ocean Vuong til Framtidsbiblioteket i 2021

Pressemelding -

Ocean Vuong til Framtidsbiblioteket i 2021

Ei pressemelding frå forlaga Samlaget og Pelikanen

Den amerikansk-vietnamesiske litterære sensasjonen Ocean Vuong er plukka ut til det prestisjefulle prosjektet Framtidsbiblioteket. Han kjem til skogen i Nordmarka og Deichman Bjørvika våren 2021. Framtidsbiblioteket, Norsk litteraturfestival, Pelikanen forlag og Samlaget gler seg til å gjere denne særmerkte forfattaren kjent for eit større publikum.

Diktsamlinga Natthimmel med kulehòl kom ut i norsk omsetjing på Samlaget hausten 2019, omsett av Mathias Samuelsen.

Boka er ein litterær sensasjon i USA. Vuong blir samanlikna med dei verkeleg store i den engelskspråklege litteraturen, som Emily Dickinson og William Shakespeare. I dikta til Vuong blir det svært intime stadig sett opp imot historiske hendingar. I etterdønningane frå Vietnamkrigen skildrar Vuong sorg, vald, krig og overgrep med eit mjukt landskap av poetiske bilete. Det er dikt som gjennom rytme og driv demonstrerer korleis ei varleg hand på eit bryst kan stille sjølv den sterkaste lysta.

Hausten 2019 kom også romanen På jorda er vi glimtvis vakre ut på norsk på Pelikanen forlag, omsett av Rune F. Hjemås.

Romanen er forma som ein son sitt brev til ei mor som ikkje kan lese, skrive da sonen, Veslehunden, er i slutten av tjueåra. Her behandlar Vuong mange av dei same temaa som i dikta, og om han skriv om avhengigheit, vold, eller trauma, er Vuong sitt blikk ømt og rikt på medkjensle. På jorda er vi glimtvis vakre blei raskt ein bestseljar i USA, og er no omsett til ei rekkje språk.

Vuong seier dette om å bli innlemma i Framtidsbiblioteket:

«Ein av dei mest fengslande lovnadane litteraturen gir, er at den snakkar både til samtida og, viss ein er heldig, til framtida. Så det å vere del av Framtidsbiblioteket, eit prosjekt som så fryktlaust håpar på og bygger opp mot ei menneskeleg framtid som ligg nesten eit hundreår framfor oss, minner om den dristige og medrivande optimismen som kvart litterære verk krev. På ein måte er ikkje dette prosjektet annleis enn prosjektet å leve på jorda, forstått slik at kvar ein død også er slutten på eit bibliotek. Så det å bevare eitt på denne måten, kjennest som antitesen til det å døy, og likevel må vi døy for å komme dit.»

Ocean Vuong (f. 1988) er født i Vietnam og oppvaksen i USA. Han var den første i sin familie som lærte å lese. Han er poet og essayist og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Whiting Award 2016 og T.S. Eliot Prize 2017

Kontakt:

Anne Beate Hovind, Framtidsbiblioteket, annebeatehovind@gmail.com – 909 42 528

Eirik Bø, Pelikanen forlag, eirik@pelikanen.no - 948 16 082

Karin Helgøy, Samlaget, k.helgoy.samlaget.no - 97019865

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO