Gå videre til innhold
Tor Jonssons "Dikt i samling" med med tidlegare upubliserte dikt

Pressemelding -

Tor Jonssons "Dikt i samling" med med tidlegare upubliserte dikt

14. januar er det 70 år sidan Tor Jonsson tok livet sitt. No kjem Nærast er du når du er borte. Dikt i samling som er den mest komplette diktantologien frå ein av våre mest folkekjære og markante lyrikarar. 

Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. «Eg åtte ikkje kjærleik», skriv Tor Jonsson i eitt av sine dikt. Han har likevel skrive seg inn i norsk litteraturhistorie med eit par av våre mest kjende kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte». Han vart ein «klassikar» i levande live, og seinare har diktinga hans stadig vorte meir populær.

Nærast er du når du er borte. Dikt i samling inneheld dikt frå dei fire diktsamlingane hans. I tillegg finn du nokre av dikta han skreiv til avisene Dølenes Blad og Hallingdølen og tidlegare upubliserte dikt frå privatarkivet.


Tor Jonsson (1916-1951) vaks opp i tronge kår i Lom i Gudbrandsdalen. Jonsson skreiv i alle sjangrar, men det er lyrikk og essays han er mest kjent for. I sitt korte liv rakk han å bli ein etablert forfattar med fire kritikarroste diktsamlingar, i tillegg til skodespel og artiklar.

Boka består av:

Mogning i mørkret (lyrikk) 1943

Berg ved blått vatn (lyrikk) 1946

Jarnnetter (lyrikk) 1948

Ei dagbok for mitt hjarte (lyrikk) 1951 (gitt ut posthumt, frå manus som Jonsson hadde levert inn til forlaget rett før han tok livet sitt)

I tillegg er det med 42 lause dikt (som var lagt til i første utgåva i 1956) og 52 dikt som er lagt til i denne nye utgåva. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO