Gå videre til innhold
Ny diktantologi til nybakte foreldre; "Det største i livet"

Pressemelding -

Ny diktantologi til nybakte foreldre; "Det største i livet"

Då Kristin Storrusten og Ingunn Hamran vart mødre mangla dei ord for den store og overveldande opplevinga. I den nye diktantologien Det største i livet. Dikt til deg som har fått barn har dei samla dikt som set ord på dei nye kjenslene og oppdagingane. 

Det er ei forunderleg oppdaging: å finne ut at det ikkje lenger berre er eitt hjarte som bankar i kroppen. Å bringe eit barn til verda kan vere den største gleda ein kan oppleve. Det kan også vere einsamt, rart, sjokkarta, utmattande og forunderleg. Eller alt på éin gong.

Denne boka er til dei som treng meir enn mat og blomar i barselgåve. Her finn ein vakre, såre og lattervekkande dikt og korte tekstar som handlar om det å vere gravid og den første tida med det nye barnet - frå Halldis Moren Vesaas, Cathrine Grøndahl, Hans Børli, Gro Dahle, Helge Torvund, Marie Takvam, Arild Nyquist og mange andre.

Kristin Storrusten (f. 1986) er forfattar og  journalist. Ho debuterte med diktsamlinga Barsel i
2017. Til dagleg jobbar ho i Aftenposten. Ho har to barn og er dotter av Ingunn Hamran.

Ingunn Hamran (f. 1957) er lærar i barneskolen og tidlegare forlagsredaktør. Ho har tre døtrer, to
bonusbarn og ti barnebarn førebels..

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO