Gå videre til innhold
Laura Djupvik er klar med ny novellesamling. Foto: Rolf M. Aagaard
Laura Djupvik er klar med ny novellesamling. Foto: Rolf M. Aagaard

Pressemelding -

Noveller om menneske som ikkje får det heilt til

Laura Djupvik skriv i novellesamlinga No fær huset om menneske som ikkje får det heilt til.

Ei kvinne bur åleine i ei mørk kjellarleiligheit, og dagens høgdepunkt er togturane med ein altfor informativ nabo. Ein mann slit med å få kvardagen til å henge saman etter at kona reiste, og kler opp eit fugleskremsel med kleda hennar. Eit par får stadig høyre kor vakkert barn dei har fått, men barnet utviklar seg ikkje normalt.

No fær huset er ei novellesamling om lengt, der vi møter menneske som på kvar sitt vis ikkje heilt får det til. Det handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor såbart og vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv. 

Laura Djupvik (f. 1970) er forlagsredaktør, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013 og Hjartet er ingen logrande hund i 2019.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO