Gå videre til innhold
Debutant Krista Lien Indrehus
Debutant Krista Lien Indrehus

Pressemelding -

Lyrikkdebut om klima, tid og formødre

I debutboka Flør av Krista Lien Indrehus reiser eit barnebarn til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget.

Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt.

Dikta tenker på og snakkar om tid, både slik den måler opp eit menneskeliv og slik vi kan sjå den i jord og stein.

Gjennom sanselege bilde og presis observasjonsevne skapar Krista Lien Indrehus eit sterkt nærvær i minna og erfaringane ho skildrar.


bestemor lappa utslitne bukser
til det ikkje var meir
igjen
skrapa alt smøret
ut av boksen
brukte den gamle mjølka
i nye vaflar
sa
døden er naturleg
men
det er ei skam å døy
ung


Krista Lien Indrehus
(f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Flør er den første boka hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO