Pressemelding -
Linda Klakken aktuell med bok om den første store forelskinga!
Underhaldande og intenst om kjærleik
I den første barneboka til Linda Klakken møte me Klara. Ho synes at kjærleiken er noko drit. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er også eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget – og kjem opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv forelska i? Det får ho først svaret på då det byrjar ei ny jente i klassen.
Det er historia om den første store forelskinga, det er klassefest, kysseleikar og uuthaldeleg hjarteverk. At hovudpersonen tilfeldigvis forelskar seg i ei jente er Klakken oppteken av å ikkje gjere eit poeng ut av.
- I det store og heile tenkjer eg at kjærleiken kjennest likt ut for alle, sjølv om han kjem i ulike formar og fasongar. Då må eg også skrive om forelskinga til Klara som den naturlegaste ting i verda. Eg trur dei som les boka fort skjøner at det ikkje spelar nokon rolle kven vi forelskar oss i. Klara forelska seg i Marie. To hjarter fann kvarandre, seier Klakken.
Boka har lanseringsdato 24. august.
Linda Klakken (f. 1979) er forfattar, skulebibliotekar og journalist. Ho er frå Ålesund og bur i Oslo.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.