Gå videre til innhold
Fridthiov Oos’ legat til unge skrivetalent

Pressemelding -

Fridthiov Oos’ legat til unge skrivetalent

Dei tre beste nynorskeksamenane er kåra

Fridthiov Oos’ legat går kvart år til dei tre beste hovudmålseksamenane på nynorsk i den vidaregåande skulen. I år er vinnarane Jenny Heggheim Myklebust (Hafstad vgs. i Sunnfjord), Herdis Auestad Nergaard (Sandnes vgs.) og Anna Standal Tangen (Volda vgs.).

- Juryen har hatt tekstar frå 42 kandidatar til vurdering. Det har vore ei glede å lesa desse tekstane frå ungdom som skriv så framifrå godt både når det gjeld språk og innhald. Mandatet vårt har vore å finna dei tre beste eksamenssvara. Det har ikkje vore lett, men det var tre som utmerka seg. seier jurymedlem Kirsti Lunde. - I vurderinga har me lagt vekt på fagleg kunnskap, tekstkompetanse og skriveevne. Juryens val er baserte på anonymiserte tekstforfattarar, held ho fram.

Til eksamen i norsk hovudmål skal kvar kandidat levera to tekstar, ei kortsvarsoppgåve og ei langsvarsoppgåve. Kortsvarsoppgåva er den same for alle, mens langsvarsoppgåva har fire ulike alternativ. I 2019 gjekk kortsvarsoppgåva ut på å gjera greie for hovudformålet med Facebook-sida til Noregs Mållag.

- Alle tre kandidatane har skrive presise og kunnskapsrike svar på kortsvarsoppgåva. Der syner dei, på den vesle plassen dei har til rådvelde, både kunnskap om retorikk og forståing for korleis ein kan nytta denne kunnskapen både som avsendar og mottakar, avsluttar Lunde.


Prisen plar vanlegvis bli delt ut på årsmøtet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, men på grunn av koronasituasjonen har dette blitt utsett til hausten.

Om tekstane til dei ulike prisvinnarane, skriv juryen:

«Teksten til Jenny Heggheim Myklebust, «Kjærleik og robotar – naturlegvis», er ein personleg vinkla og velskriven tekst som viser ulike sider ved samspelet mellom det verkelege livet me er vane med og livet på sosiale medium og blant robotar. Teksten er forma som ein framtidsvisjon. Me blir presenterte for ei positiv utvikling der teknologien verkar saman med menneske på ein måte der grensene mellom dei er uklare, men konstruktive. Framtidsoptimisme har vunne over framtidsfrykt . Dette er skildra enkelt og overtydande. Ei sentral setning konkluderer med det innlysande at «Meir Innsats For Å Betre Ting fører til at Ting Blir Betre». Heggheim Myklebust har løyst oppgåva på framifrå vis: Teksten er kreativ både i form og innhald, for tematikken blir framstilt på originalt vis og kandidaten brukar forma på teksten til å understreka dei viktigaste poenga, noko som skapar ein overraskande slutt. Dei tre kjeldene oppgåva ber kandidaten om å bruka, er saumlaust innarbeidd i kandidaten sin eigen tekst, noko som syner kunnskap om og sjølvstende i møte med fagstoff og kjelder.»

«Under overskrifta «Norsk språkmangfald – moglegheiter eller utfordringar» har Herdis Auestad Nergaard valt å skriva ein interessant tekst om fordelar og ulemper ved det språklege mangfaldet her i landet. Med utgangspunkt i valfridommen innanfor bokmål og nynorsk, drøftar Auestad Nergaard språk som kultur, kommunikasjon og identitet, og at i ytste konsekvens må identitetsaspektet vika for evna til kommunikasjon. Det blir peikt på at haldninga til nynorsk framleis slit med motvilje grunna i fordommar. Aksept av dialektbruk i det offentlege rom med desse avgrensingane er i dag allment utbreidd. Auestad Nergaard utvidar perspektivet med språkleg mangfald ved å trekkja inn nye aspekt som innvandrarspråk fører med seg. Alt dette gjer at kandidaten løyser oppgåva på framifrå vis. Kandidaten har arbeidd dei oppgivne kjeldene svært godt og sjølvstendig inn i eigen tekst ved å drøfta ulike sider av dei. Dette driv teksten og det overordna resonnementet godt vidare, og syner at kandidaten har god kunnskap om emnet.»

«Anna Standal Tangen presenterer ein interessant analyse og drøfting av Tove Ditlevsens novelle «Vår». Standal Tangen svarer godt på oppgåva og legg særleg vekt på korleis kontrastane i sinnet hos mannen og kvinna er skildra i høve til i vêret utanfor. Kjærleiksrelasjonen mellom dei blir tolka i høve til snøføyke og våren som bryt fram. Mannen konsentrerer seg om det negative, snøen og kulden som framleis er der, mens ho ser framover og registrerer ein vår som bryt fram. Han er redd for å mista, ho ser fram mot lyset, varmen og nytt liv. Kandidaten viser ei svært god evne til observasjon og refleksjon. Gjennom heile teksten reflekterer kandidaten rundt korleis dei ulike grepa i novella kan tolkast, og syner slik både fagkunnskap om skjønnlitterære tekstar og tekstlesing, og god forståing for verknadane ulike litterære grep kan ha. Kandidaten løftar i tillegg tolkinga til eit nytt nivå når ho mot slutten dreg inn historisk kunnskap om tilhøva teksten blei til under, nemleg den andre verdskrigen. Dette syner at kandidaten på sjølvstendig vis både meistrar å lesa teksten på tekstens eigne premiss, og i lys av biografiske eller historiske opplysingar.»

FRIDTHIOV OOS' LEGAT

■ Legatet er grunnlagt av verksmeister Fridthiov Oos ved testament av 26. april 1918 og ber eigentleg namnet «Fridthiov Oos's legat for maalsaken». Legatet er ein del av Samlagsfondet, og er styrt av styret i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.

■ Legatet går til dei tre beste hovudhovudmåleksamenane på nynorsk på studiespesialiserande liner i vidaregåande skular. Premien er på 5000 kroner til kvar av vinnarane.

■ Alle som får karakteren seks på eksamensoppgåva si i nynorsk hovudmål på vidaregåande, kan få stilen sin sendt inn til juryen. I juryen sat høgskulelektor Kirsti Lunde, lærar Synnøve Marie Sætre og tidlegare lærar og forlagsredaktør Olav Væhle Hauge.

■ Tidlegare vinnarar inkluderer mellom anna nobelprisvinnar Edvard Moser, direktør i språkrådet Åse Wetås, tidlegare kringkastingssjef Einar Førde, tidlegare direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad og fleire forfattarar og politikarar.

LITTERATURSELSKAPET DET NORSKE SAMLAGET

■ Litteraturselskapet Det Norske Samlaget er ein kulturpolitisk interesseorganisasjon skipa i 1868. Hovudoppgåva er å leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgiving. Dei som tingar tidsskriftet Syn og Segn, er medlemmer i Litteraturselskapet. Skal ikkje bli forveksla med forlaget. Forlaget Det Norske Samlaget blei skilt ut som sjølveigande stifting i 1978.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO