Gå videre til innhold
Frå kjernefysikk til kommunereform - nytt nummer av Syn og Segn ute no!

Pressemelding -

Frå kjernefysikk til kommunereform - nytt nummer av Syn og Segn ute no!

Syn og Segn har levert sakprosa i 123 år og fornyar seg stadig. I den nye utgåva er det temasider om barneoppdraging, stor samtale med feminist og politikar Shukria Barakzai, tekstar om kommunereform, intervju med Marina Litvinenko og tankar om redselen for å sparke nedover. Og mykje meir!

BARNEOPPDRAGING: Vi lever i eit kontrollsamfunn der vi har vanskar med å stole på den ibuande klokskapen i born, vil nokon meine. Kva skal barneoppdraging vere i 2017? Kva slags rettleiing finn ein i til dømes kristendommen når det gjeld å vere ein god forelder? Assad Nasir, Ragnhild Laird Iversen og Håvard Nyhus tek eit blikk på barneoppdraging i Noreg i dag.

KOMMUNEREFORM: Lokaldemokratiet må bergast frå hopehavsfella – kvelande statstenarskap under børa av tunge oppgåver. Vegen ut av fella er ikkje større kommunar, men sterkare regionar, skriv professor emeritus Harald Baldersheim. Er du samd? Les Syn og Segn.

KJERNEFYSIKK: Vi trur vi veit korleis universet vart til, og korleis alle grunnstoffa kunne oppstå. Men veit vi så mykje som vi trur? Forskar Jørgen Eriksson Midtbø tek deg med inn – i stjernene.

LITVINENKO: Aleksandr Litvinenko døydde for ti år sidan, etter å ha drukke ein sup av ein kopp te forureina av den livsfarlege isotopen polonium-210. I ein rapport etter rettssaka konkluderer dommaren med at drapet på Aleksandr var bestilt frå leiinga av FSB, og sannsynlegvis også frå Putin sjølv. Eksklusivt intervju med Marina Litvinenko, enka etter Aleksandr – i siste nummer av Syn og Segn.

Interessert i ein PDF av bladet? Vil du vite meir?

907 68 797

post@synogsegn.no

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO