Gå videre til innhold
"Einars bok"- om å bere eit barn gjennom det alle vanskelegaste

Pressemelding -

"Einars bok"- om å bere eit barn gjennom det alle vanskelegaste

Einar var eit barn som fryda seg over å oppdage verda. Han elska å gøyme seg i hyller, rulle i graset, bygge tårn og ake på madrass ned trappa. Han kunne gå kor langt som helst, om foreldra heldt han i handa. For sleppte dei taket, datt han.

Rett før Einar fylte to, fekk familien ein beskjed som øydela mange draumar: Einar hadde ein sjeldan og alvorleg nervesjukdom. Gradvis ville han miste alt. Dette er ei historie om korleis det er å bere eit barn gjennom det aller vanskelegaste. Det handlar om korleis vi møter døden, men også om dyrebare dagar og alt det uendeleg fine eit liv på fire og eit halvt år og éin dag kan innehalde.

Det er ei forteljing om Einars liv, men også om alle rundt han. Stemmene til dei som kjente Einar, blandar seg med stemmene til blant andre Seneca, Joan Didion, Roland Barthes og mange fleire i ei rekkje refleksjonar over kva det vil seie å elske og miste.

Katrine Sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Ho er busett i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO