Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Kristin Tveiten klar med romanen "Nålehuset", om opphav, lojalitet og draumar som brest

Kristin Tveiten klar med romanen "Nålehuset", om opphav, lojalitet og draumar som brest

Handlinga i Kristin Tveitens nye roman Nålehuset startar med to menn godt oppi 80-åra. Den eine prøver å drepe den andre. Korleis har dei hamna der?
Osvald veks opp under enkle kår i lag med den strenge, gudfryktige mor si. Det er som om ho straffar sonen for noko, men trass i at ho er full av forakt, held ho han i eit fast grep. På andre sida av fjorden ligg Storgarden, og der bur jamaldringen

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Mette Karlsvik aktuell med ny roman om begjær og sårbarheit; "Året har tretten netter"

Den kritikarroste forfattaren Mette Karlsvik er klar med romanen Året har tretten netter.
Lansering på Litteraturhuset i Bergen der Karlsvik samtalar med Wenche Mühleisen: https://www.litthusbergen.no/a...
Mette matchar med M. Han viser straks interesse, og ho kan ikkje tru at ein som han ser noko i henne. Når den leikne og uforpliktande relasjonen på SMS går over i fysiske møte, aukar denn

Foto: Gry Traaen

Ingvill Kjærstein debuterer med romanen "Austvestpassasjen"

Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leiligheit og held seg mest for seg sjølv. Dei stadige blikka og spørsmåla ho får, minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Ein sein januarkveld ringer det på døra, men det er ingen der. Då det skjer igjen, byrjar tankane å spinne, og tryggleiken ho har bygd opp,

Maren Barlien nominert til Vesaas´ debutantpris for romanen "Einbreid bru"`

Maren Barlien nominert til Vesaas´ debutantpris for romanen "Einbreid bru"`

Maren Barlien debuterte hausten 2023 med Einbreid bru; ein roman om fluktinstinkt, naturkrefter og det å vere ein fange av eigne og andres forventningar. Astrid fortel familien sin at ho skal studere musikk i Reykjavík, men i staden reiser ho ut på bygda for å arbeide med hestar. Langt frå musikken, tett på naturen, på den avsidesliggande garden til den aldrande psykologen Gudmundur Gudmundsson.

Vis mer

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO