Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Foto: Marius Fiskum

Therese Bakkevoll klar med debutromanen "Tallboy" med handling frå innsida av psykiatrien

Therese Bakkevoll debuterer med Tallboy, ein sterk roman frå innsida av psykiatrien med lanseringsdato 14.3.
I Tallboy tek Bakkevoll oss med inn på eit psykiatrisk sjukehus der både tilsette og pasientar kjempar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den ti

Foto: Ingunn Moen

Kaisa Aglen med ny diktsamling om konsekvensane av å leve med sjukdom og skade

I boka Eit større regn undersøker Kaisa Aglen dei eksistensielle konsekvensane av å leve med sjukdom og skade. Korleis det påverkar synet på verda og ein sjølv, korleis det grip inn i og endrar nære relasjonar, og kor sårbar ein kan vere ovanfor endringar i politikk og samfunn.
Tekstene strekk seg både mot det språket neppe kan gripe, og det som rådande samfunnssyn gjer stumt: Kva sanningar og

Foto: Emma Sukalic

Ellen Løvhaug Harrisons debuterer med boka "Søv berre når du søv"; eit ømt og stilsikkert portrett av ein far.

Ei dotter sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie.
Dikta forsøker å halde fast på ein person, på tvers av grenser mellom død, liv, hav og tid. Det er ei familiehistorie som ikkje forsøker å forstå kvifor ting vart som dei vart, men som ser etter

Olaug Nilssen redaktør for ny diktantologi; "Eg vil vere her. Dikt til trøyst"

Olaug Nilssen redaktør for ny diktantologi; "Eg vil vere her. Dikt til trøyst"

I Eg vil vere her. Dikt til trøyst har Olaug Nilssen samla dikt frå mellom andre Tor Jonsson, Karoline Brændjord, Gunvor Hofmo, Marie Takvam, Hans Sande, Åse- Marie Nesse, Kolbein Falkeid og Sigrid Moldestad.
Iblant tek livet vendingar som gjer at ein står der rådlaus og leiter etter ord. Då kan det bety mykje å finne dikt der andre har sett ord på det vanskelege, for gjenkjenning og eit nytt o

Ragnhild Kolden med ny roman, "Krig"; om vanlege menneske og kvardagslivet deira under andre verdskrigen

Ragnhild Kolden med ny roman, "Krig"; om vanlege menneske og kvardagslivet deira under andre verdskrigen

Ragnhild Koldens nye roman Krig viser korleis andre verdskrigen kunne bli opplevd av heilt vanlege menneske som måtte ta avgjerande val i ei kaotisk tid. Kolden skriv fram ei fiktiv bygd i boka, men ho bruker si eiga heimbygd Lom som eit bakteppe. Ei bygd med mange NS-sympatisørar under krigen, og der motstandsarbeid på lang veg må ha vore umogleg, og med ein nazi-ordførar som fekk ny tillit etter

Vis mer

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO