Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Lansering av boka "Foxi. Sledehunden ingen ville ha" av Line Nagell Ylvisåker

Lansering av boka "Foxi. Sledehunden ingen ville ha" av Line Nagell Ylvisåker

Foxi - sledehunden ingen ville ha er ei forteljing om Foxi, men også om hundekøyring, sledehundar, Iditarod og det heilt spesielle forholdet mellom hund og menneske. 
Sommaren for tolv år sidan vart polarhunden Foxi fødd på Svalbard. Hunden var liten og svak og åt dårleg. Eigaren, den ivrige hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruke henne som sledehund. Han ville kvitte se

Foto: Marian Strand

Lansering av romanen "Du er bonde" av Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen er aktuell med romanen «Du er bonde», ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.
«Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere pr

Foto: Tom A. Kolstad

"Septologien" av Jon Fosse på kortlista til Den internasjonale Bookerprisen


Jon Fosse er inne på kortlista til Den internasjonale Bookerprisen for det tredje og avsluttande bandet i Septologien, Eit nytt namn som kom ut i fjor haust. Den internasjonale Bookerprisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk. Prisen er på 60 000 pund. Fosse var på langlista for den gjeve prisen for band e

Elena Ferrrante ute med ny essaysamling; "Innanfor margane. Om gleda ved å lese og skrive"

Elena Ferrrante ute med ny essaysamling; "Innanfor margane. Om gleda ved å lese og skrive"

Elena Ferrante er ein av dei mest lesne og kritikarroste forfattarane på 2000-talet. I den nye essaysamlinga som ho skreiv medan korona-pandemien herja i Italia,  fortel ho meir om kva som ligg bak skrivinga av Napoli-kvartetten og hennar siste roman, Dei vaksnes løgnaktige liv.  Ferrante forklarer dei ulike tekstlaga i romanane og korleis dei inneber eit skifte frå den tidlege forfattarskapen hen

Sigrid Merethe Hanssen aktuell med ny roman; "Kom ei jente gåande"

Sigrid Merethe Hanssen aktuell med ny roman; "Kom ei jente gåande"

I Sigrid Merethe Hanssens nye roman Kom ei jente gåande besøker ei jente mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste om barndommen sin. Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida. Vi blir tatt med til ei lita nordnorsk bygd på 1960-talet, der eit barn bur saman med Molle, ei eldre kvinne. Grytidleg ein sommarmorgon står barnet opp og går ut. Ho vandrar åle

Lansering av boka "Skredet. Ein far, ei dotter og kampen for livet" av Bjørn Asle Nord

Lansering av boka "Skredet. Ein far, ei dotter og kampen for livet" av Bjørn Asle Nord

Lanseringsarrangement i Geilo Kulturkyrkje 19.3. kl 19. Meir om arrangementet her: https://bit.ly/3taCe9v
15. mars 2017 går det eit enormt snøras nær fjellet Gråskallen på Haugastøl. Eit tysk turfølgje på seks er på skitur i området i eit forrykande uvêr. 23 år gamle Adina Lange blir nedgraven i snømassane. Ho ligg fanga halvannan meter under snøen og kan berre røre eit par fingrar i eine votte

Vis mer

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO