Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

Foto: Agnete Brun

Ny roman frå Marit Eikemo; "Team Tuva"

Marit Eikemos nye roman Team Tuva kjem 6.10. 
Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller avgjerda om å satse på draumen sin, ein gong for alle.
Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, a

Foto: Marius Viken

Agnes Ravatn på kortlista til den britiske krimprisen Petrona Award

Agnes Ravatn er på kortlista til gjeve Petrona Award for den engelske utgåva av Dei sju dørene (The Seven Doors)  omsett av Rosie Hedger. Petrona Award vert delt ut årleg til den beste skandinaviske krimboka gitt ut i Storbritannia. Ho er nominert saman med m.a. Yrsa Sigurðardóttir, Mikael Niemi og Jørn Lier Horst.
Agnes Ravatn har gitt ut ei rekkje bøker, både romanar og sakprosa, og fleire er

Samlaget og Minotenk går saman om ny forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring

Samlaget og Minotenk går saman om ny forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring

Den nye forfattarskulen startar opp i januar 2022 med ti elevar.
– Målet vårt er å løfte gode litterære stemmer med minoritetserfaring og gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår, seier Linda Noor, dagleg leiar i Minotenk.
Forfattarskulen er samlingsbasert og skal gå over eitt år. Mellom samlingane får elevane oppfølging av etablerte forfattarar.

Ny bok om fotballklubben Barcelona; "Barça: i kamp sidan 1899" av Johannes Nymark

Ny bok om fotballklubben Barcelona; "Barça: i kamp sidan 1899" av Johannes Nymark

FC Barcelona er ein av verdas største og mest populære fotballklubbar. Over heile verda går folk med fotballtrøyer med Messi, Xavi og Iniesta på ryggen. Klubben er ei global merkevare og eit viktig symbol på katalansk identitet. Og ulikt dei fleste store fotballklubbar er FC Barcelona eigd og styrt av klubbmedlemmene.
I boka Barça. I kamp sidan 1899 går forskaren og fotballentusiasten Johanne

Ny bok om autisme "Kunsten å feike arabisk" av Lina Liman, omsett av Olaug Nilssen

Ny bok om autisme "Kunsten å feike arabisk" av Lina Liman, omsett av Olaug Nilssen

Lanseringsarrangement: Litteraturhuset i Oslo onsdag 29.9. kl 19. Omsetjar av boka, Olaug Nilssen, i samtale med Lina Liman. https://litteraturhuset.no/arr...
I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går.
Då journalisten og forfattaren Liman fekk

Bø og Bæ og stakkars Bo

Radarparet Bø og Bæ er tilbake!

Kultfigurane Bø og Bæ er tilbake for fyrste gong på 15 år! Bøkene blir rekna som moderne bildebokklassikarar, lesne og elska av vaksne og barn!

Ny strikkebok; Islandske vottar

Ny strikkebok; Islandske vottar

Eit par strikka vottar med vakkert mønster av godt garn er ein skatt som skal brukast og nytast i årevis. Her får du oppskrifter på vakre, varme og slitesterke islandske vottar. Islandske vottar byr på eit mangfald av teknikkar, mønster og stilar, og alle dei ulike vottane har si eiga historie. Det einaste tekstilmuseet på Island ligg i bygda Blöndós nord på øya. Der finst det ei unik samling med

Storverket Septologien av Jon Fosse komplett med lanseringa av band tre; "Eit nytt namn"

Storverket Septologien av Jon Fosse komplett med lanseringa av band tre; "Eit nytt namn"

Pressekonferanse og boklansering med Jon Fosse til stades kl 10 fredag 3.9. på Det Norske Teatret. 
Pga. av korona må ein melde seg på arr. via denne lenkja:  https://bit.ly/2WL4sKv 
Fosse er tilgjengeleg for pressa etter arrangementet. Avtal helst på førehand: karin.helgoy@samlaget.no
Lanseringa markerer også starten på Den internasjonale Fosse-festivalen som varer til og med 12.9.
He

Ny strikkebok av Ingvild Grane frå @skaperrom

Ny strikkebok av Ingvild Grane frå @skaperrom

Ingvild Grane er klar med Strikk med Ingvild frå @skaperrom. Klassiske, enkle og fargerike plagg. Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instakontoen @skaperrom. No har ho laga si alle første strikkebok. Her får du klassiske og enkle oppskrifter til baby, barn og dame, alt frå kvardagsgenserar, sokkar og luer til festfin kardigan og genseren for dei vakraste so

Ny roman frå Mona Høvring; "Soga om Fråid"

Ny roman frå Mona Høvring; "Soga om Fråid"

Tenåringen Fråid styrer huset i Urskogen 13 saman med storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva, medan skipperfaren Vulgaris er ute på sine seilasar. Men ein dag kjem faren heim med ei stemor til ungane, Demona de Sjavy. Ho rokkar ved familiedynamikken, og alle må forholde seg til hennar labile humør. Men Fråid trivst med dei nye, kaotiske kvardagane. Han er fascinert av det uredde ved stemora

Kari Anne Bye med treffande diktbok om kjærleiken og samlivet etter Tinder-matchen; "Eg bur her no"

Kari Anne Bye med treffande diktbok om kjærleiken og samlivet etter Tinder-matchen; "Eg bur her no"

Kari Anne Bye hadde ein sterk debut med boka Eg et før eg kjem i fjor, der ho skildrar Tinder-datinga som det humoristiske og litt tragiske feltet det kan vere. 
I den nye boka, Eg bur her no, følgjer vi ei kvinne i trettiåra som treff ein mann nett på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken

Vis mer

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO