Pressemelding -
NKT Victoria døypt i Karlskrona i dag
Kabelleggingsfartøyet NKT Victoria, levert frå Kleven Verft i april, vart i dag døypt ved NKTs kabelfabrikk i Karlskrona, Sverige. Fartøyet er blant verdas mest avanserte, med eit design som tek utgangspunkt i omfattande erfaringar med offshore installasjonar. NKT Victoria legg kablar med høg presisjon basert på blant anna DP3-teknologi (dynamisk posisjonering) og fjernstyrte undervatnsfartøy.
Det 140 meter lange fartøyet har innreiing for 100 personar, og er alt i gang med sitt første oppdrag.
Related links
Emner
- Industri, produksjon
Kategorier
- kleven verft
- nkt victoria
- kabelleggingsfartøy
Regions
- Møre og Romsdal