Ny bok: Konstruktiv journalistikk
Den nye boka «Konstruktiv journalistikk» har som mål å retta opp eit skeivt nyheitsbilde og gi løysingar ein større plass, skriv forfattar Vigdis Holmaas. Kvar einaste dag skjer det positive og negative hendingar i verda, men media fortel ofte historier om kriser, problem og skeiv utvikling i samfunnet. Det er få nyheiter om positive utviklingstrekk, og det er sjeldan debatt om løysingar.