Ukrainsk motstandsfestival på Det Norske Teatret
24. august er det seks månader sidan Russland starta invasjonen av Ukraina. Paradoksalt nok er det også på dagen 31 år sidan Ukraina erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen. Denne dagen inviterer Det Norske Teatret og Dakh Theatre frå Kyiv til tre dagar med ukrainsk kultur og eit tett møte med krigen som framleis rasar ikkje så langt unna. Mellom anna vil publikum bli inviterte til å søke ly i teat