Gå videre til innhold
Manipulert foto av scenetårnet på Det Norske Teatret med påskrifta "Barn" på russisk, slik teateret i Mariopul som blei bomba hadde på gateplan. Foto/manipulasjon: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Manipulert foto av scenetårnet på Det Norske Teatret med påskrifta "Barn" på russisk, slik teateret i Mariopul som blei bomba hadde på gateplan. Foto/manipulasjon: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Ukrainsk motstandsfestival på Det Norske Teatret

24. august er det seks månader sidan Russland starta invasjonen av Ukraina. Paradoksalt nok er det også på dagen 31 år sidan Ukraina erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen. Denne dagen inviterer Det Norske Teatret og Dakh Theatre frå Kyiv til tre dagar med ukrainsk kultur og eit tett møte med krigen som framleis rasar ikkje så langt unna. Mellom anna vil publikum bli inviterte til å søke ly i teateret - heile natta gjennom i ei unik teaterhending, der ein vil forsøke å gi ei kjensle av den verkelegheita som rører seg i Ukraina nett no.

ART RESISTANCE FESTIVAL - UKRAINA: WAR. DEATH. LOVE.

ONSDAG 24. - FREDAG 26. AUGUST

ONSDAG 24. og TORSDAG 25. AUGUST KL. 21.00: DANSE MACABRE
DAKH DAUGHTERS
FREDAG 26. AUGUST KL. 23.00 - 06.00: BOMB SHELTER NIGHT
SAMARBEID MELLOM DAKH THEATRE; KYIV OG DET NORSKE TEATRET

Det Norske Teatret har inngått eit unikt samarbeid med DAKH Center for Contemporary Art og GOGOLFEST Festival of Contemporary Art frå den Ukrainske hovudstaden Kyiv. I tre dagar vil ukrainske kunstnarar og involverte, som anten lev i eksil i andre land eller har fått utreisevisum frå krigssona, vere i Noreg for å fortelje om sin eigen og andre ukrainarars kvardag. Dette er deira måte å kjempe og yte motstand på - gjennom kunst, samtale og forståing.
- Dette samarbeidet kjennest viktig. Vi har hatt krig i Europa i eit halvt år, men den får ikkje bli kvardagsleg. Dette samarbeidet blir vårt bidrag til å gi dei som lever i krig og unntakstilstand ei stemme, seier teatersjef ved Det Norske Teatret, Erik Ulfsby.

Mikrofestival som motstand

Art Resistance Festival - Ukraina: War. Death. Love. er ein mikroversjon av ein festival som går føre seg fleire stadar i Ukraina, mellom anna i Mariopul - byen som er blitt eit symbol på den brutale krigen den russiske presidenten fører i Ukraina. Ved eit av teatera her døydde 600 sivile som hadde søkt tilflukt, sjølv om det var skrive "BARN" på russisk i store bokstavar på bakken utanfor. Ved eit anna teater i Mariupol skulle delar av Gogolfest gått føre seg i februar. Teatret var nyoppussa og skulle opnast den kvelden det blei bomba istykker. No blir delar av Gogolfest i staden her i Oslo ved Det Norske Teatret, i form av Art Resistance Festival.


Festivalen består av to framsyningar. Danse Macabre er produsert i Frankrike, der medlemmane i Dakh Daughters og regissør Vlad Troitskyi lever i eksil, og hadde premiere ved Odéon teatret i Paris i juni. Bomb Shelter Night er eit pilotprosjekt som blir jobba fram av Dakh Theatre i samarbeid med Det Norske Teatret. 

Ikkje berre hat

- I Ukraina har mange budd i bomberom i månadsvis. Dei lever liva sine der. Under Bomb Shelter Night vil vi forsøke å gjenskape korleis dette er. Det er frykt, det er hat. Men det er ikkje minst mykje venting. Ein veit aldri kor lenge ein må vere der. Og det oppstår ting. Positive ting. Her veks også håp, skaparkraft - og kjærleik, seier regissør Vlad Troitskyi.
- Og det er derfor vi inviterer publikum for å delta i dette kulturfenomenet, for å oppleve korleis det er å leve i ei slik parallell verkelegheit, legg kuratoren for prosjektet, Andrii Palatnyi, til.
I lag med ukrainske og norske kunstnarar, musikarar og skodespelarar vil publikum vere på teateret heile natta og delta i å gjenskape kjensla av å vere i eit teater som er gjort om til bomberom. Det vil bli ei altomsluttande oppleving med elektronisk og levande musikk, poesi, opplesingar frå dagbøker, samtalar og sjølve krigens terror.

Regissør Vlad Troitsky lever for tida i eksil i Frankrike, og har familien spreidd i ulike europeiske land. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.


- Vi er her for å yte motstand mot ein krig som angår oss alle. Dette er ein krig mot friheit og demokrati for alle, ikkje berre ukrainarar, meiner Troitskyi. 
Da bombane byrja falle over Kyiv, bestemte han seg for at han kunne kjempe meir effektivt mot den russiske invasjonen utanfor landets grenser, og flykta til Frankrike. Han har tru på kunsten, samtalen og det frie ordet som motstandskraft, og håpar både nordmenn, norsk/ukrainarar og ukrainarar i eksil vil finne vegen til Det Norske Teatret.

Kunsten blomstrar i bomberomma, men kunstnarane blør

Erik Ulfsby understrekar at ukrainske kunstarar er glade for støtte med flagg og blåglue kulturbygg, men dei skrik etter konkrete samarbeid og jobb. Dei er redde for å miste ein heil generasjon av kulturarbeidarar. Økonomien er frosen og alle pengane går til krigen.
- Det er viktig at kulturarbeidarar får halde fram med arbeidet sitt. Og no har dei dei viktigaste historiene å fortelje, så vi er glade for å kunne invitere dei hit. På den måten kan også eit norsk publikum få eit anna innblikk i krigen enn det ein får gjennom nyheitene, meiner teatersjefen.
Samarbeidet blei til i vår under ein konferanse arrangert av det europeiske teaternettverket European Theatre Convention og er støtta av Fritt Ord, European Theatre Convention (ETC) og Det Norske Teatrets venner. Billettinntektene frå framsyningane vil i heilskap gå til å betre tilhøva for barn og familiar i Mariupol og andre byar i det krigsramma landet. 

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge