Pressemelding -

Fuglane trekker tilbake til Det Norske Teatret

I jubileumsåret til Tarjei Vesaas  (1897-1970) hentar vi fram eit meisterverk frå den nynorske litterære kanonen til Hovudscenen. Regien av Fuglane er ved den belgiske regissøren Luk Perceval, som vann Heddaprisen for beste regi sist han besøkte teateret med Jon Fosses Trilogien. Unikt for denne produksjonen er også at publikum kan følge prøvane direkte heilt fram til premieredagen på strøymeplattforma Twitch.

FUGLANE
av Tarjei Vesaas
PREMIERE LAURDAG 26. FEBRUAR KL. 18.00
HOVUDSCENEN


Fuglane blei første gongen dramatisert i 1997, og blei ein stor kunstnarleg siger for Det Norske Teatret og Nils Sletta, som henta heim Kritikarprisen for tolkinga av hovudrolla som Mattis. Ambisjonane er ikkje mindre når Luk Perceval har tatt tak i Vesaas´ tekst om den tenksame Mattis (Christian Ruud Kallum), som folk i bygda berre kallar for "Tusten". Det blir fysisk, uttsykksfullt og utagerande når Perceval hentar fram dei sterke og store kjenslene hos skodespelarane. Scenografien består av 48 tre som heng frå taket og illustrerer både indre landskap og skogen Mattis bur i i lag med søstera, Hege (Gjertrud Jynge). 

LES MEIR:
Tarjei Vesaas var ulykkeleg forelska i teateret. 

I hytta i skogen bur dei to i tosemd. Hege strikkar jakker som ho sel, medan Mattis ikkje er slik laga at han klarer å halde på noko arbeid. Men han kan lese teikn i naturen, og somme sider ved livet ser han klårare enn dei fleste. Ein dag flyg ei rugde over huset deira, og Mattis blir heilt opphengt i dette rugdetrekket som plutseleg går over deira hus. Det må da tyde noko? Så slår lynet ned i eit av trea som står på tunet. Mattis les dette som teikn på at noko er i ferd med å hende, og at ingenting vil bli som før.

FØLG PRØVANE OPP MOT PREMIEREN PÅ TWITCH
TORSDAG 17. OG 24. FEBRUAR KL. 12.00 - 13.00
LAURDAG 26. FEBRUAR KL. 17.15 - 18.00
twitch.tv/detnorsketeatret

- Eg har laga teater i 40 år. Eg har heile tida prøvd å finne ut: Kvifor når vi berre «teater-folk»? Ved å invitere publikum inn på prøvane til Fuglane gjennom strøymeplattforma Twitch håpar eg at vi kan nå eit heilt anna publikum, seier regissør Luk Perceval om kvifor han ønskte å strøyme direkte frå teaterprøvane. Gjennom fem prøveveker har publikum ein unik moglegheit til å komme tett på korleis ein jobbar med å forme ei teaterframsyning, korleis samspelet mellom regissør og skodespelarar fungerer og korleis omstenda rundt produksjonen utviklar seg. Dei kan også stille spørsmål på direkten, som blir besvarte under sendinga. På sjølve premieredagen får ein bli med nesten heilt til teppet går opp.  

LES MEIR:
 - Å lære masse tekst er det minste problemet i teateret. Det vanskelegaste er å gjere teksten levande i publikums fantasi, seier regissøren.

Related links

Emner

  • Teater


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573