Høge kunstnarlege ambisjonar har gitt solide inntekter og rekordhøgt besøk
Det Norske Teatret hadde årsmøte søndag 23. april. Publikumstalet har dei siste seks åra lege på over 200 000, ein stabilitet teateret er særs nøgd med.
Det Norske Teatret hadde årsmøte søndag 23. april. Publikumstalet har dei siste seks åra lege på over 200 000, ein stabilitet teateret er særs nøgd med.
I dag, fredag 21. april, kom statsråd Linda Hofseth Helleland med meldinga om at regjeringa no tar grep for å rehabilitere Nationaltheatret. Dette er godt nytt for heile scenefeltet. Nationaltheatret er den fremste og kjæraste konkurrenten til Det Norske Teatret. Som to store, nasjonale teater i same by har vi målt krefter mot kvarandre gjennom tiår, og slik kontinuerleg skjerpa den kunstnarlege u
I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Geir Kvarme, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Ola G. Furuseth.
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge